HELSENORGE
Forsking, radiologi

Kom på liste over topp-publikasjonar i leiande tidsskrift for medisinsk biletdiagnostikk

- Det er veldig kjekt. Det er mykje snakk om kunstig intelligens og mammografi for tida, men dette er første studie som har sett på korleis eit slikt program fungerer i "real life" screening, seier radiolog og forskar Solveig Roth Hoff.

Radiolog og forskar ved Ålesund sjukehus Solveig Roth Hoff. (Foto: Petter Bjørklund)

Ein artikkel kor radiolog og forskar ved Ålesund sjukehus Solveig Roth Hoff er medforfattar blei inkludert i tidsskriftet Radiology sin liste over topp-publikasjonar for året 2022. Tidsskriftet omtaler seg sjølv som verdas ledande tidsskrift for medisinsk biletdiagnostikk.

- Det er veldig kjekt. Det er mykje snakk om kunstig intelligens og mammografi for tida, men dette er første studie som har sett på korleis eit slikt program fungerer i "real life" screening, seier Hoff.

Les også: Nysgjerrig på medisinutdanninga i Ålesund

Studien som artikkelen omtaler har ​undersøkt i kva grad kunstig intelligens (KI) kan brukast til å identifisere og påvise brystkreft i mammografiscreening-undersøkingar. KI-en vurderte 122 969 ulike undersøkingar frå Mammografiprogrammet i Helse Midt-Norge.​ 

Føremålet var å sjå om KI kan gjere ein like god jobb som radiologar i å påvise kreft på slike undersøkingar.​​

Ved kvar undersøking avga KI-programmet ein risiko for kreft på ein skala frå 1-10: kor 1 var lavaste, og 10 høgaste risiko. Dei fann at nesten 90% av brystkrefttilfella radiologane hadde funne fikk ei risikoskåre på 10, medan berre 2.3% av dei fekk risikoskåre 1-5.

Det betyr at KI kan bli eit godt verkøy både for å identifisere pasientar med høg risiko for brystkreft, og identifisere normale undersøkingar som ikkje treng å bli vurdert av radiologar.​​​

Kreftregisteret er ansvarleg for studien. Studien har vore i samarbeid med radiologar frå Ålesund sjukehus, St. Olavs hospital, USA, og Sverige.

Sjå tidsskriftet Radiology sin liste over topp-publikasjonar for året 2022: ​​Top Publications in Radiology, 2022