Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Leddgiktsstudie

Resultat frå NORD-STAR publisert i The British Medical Journal

Revmatologisk seksjon på Ålesund sjukehus har vore ein viktig bidragsyter til ei stor nordisk studie.

Publisert 18.12.2020
Sist oppdatert 11.05.2023
Overlege Maud-Kristine Aga Ljoså
Overlege ved revmatologisk avdeling i Ålesund, Maud-Kristine Aga Ljoså har vore lokal hovudutprøvar i NORD-STAR-prosjektet.

NORD-STAR-studien står for Nordic Rheumatic Diseases Strategy Trials And Registries, og de første resultata frå studien publiserast no i det høgt rangerte medisinske tidsskriftet The British Medical Journal (BMJ). NORD-STAR er ei stor multisenter randomisert kontrollert studie frå alle nordiske land samt Nederland. Til saman vart 812 pasientar med nydiagnostisert leddgikt inkludert. Studien samanliknar effekten av konvensjonell fyrstelinebehandling (metotreksat og prednisolon) med effekten av metotreksat kombinert med eit av tre ulike biologiske legemidlar ved tidleg leddgikt. De tre biologiske legemidla var (certolizumab pegol (TNF-hemmer), abatacept (T-cellemodulator) og tocilizumab (IL6-hemmer). I tillegg samanliknas to ulike nedtrappingsstrategiar hos pasientar som har god respons på behandlinga. NORD-STAR er den største utprøvarinitierte randomiserte studien som har vore gjort ved nydiagnostisert leddgikt.

Kva har ein funne?
I NORD-STAR-studien ynskja ein å samanlikne andelen av pasientar i de fire ulike behandlingsarmane som oppnådde remisjon, det vil seie at pasienten var tilnærma utan tekn eller symptom på sjukdomsaktivitet, 24 veker etter påbegynt behandling. Resultata viser at over 40 % av pasientane i alle grupper kjem i remisjon målt med sjukdomsaktivitetsmålet CDAI (clinical disease activity index). Det var inga klar signifikant forskjell mellom de ulike behandlingane på dette tidspunktet.

-For oss betyr dette at dagens behandlingsstrategi med metotreksat i kombinasjon med kortikosteroid, som første behandling ved nyoppstått leddgikt, er å føretrekke. Man kan oppnå svært god respons hos ein stor del av pasientane ved å starte raskt med sjukdomsmodifiserande behandling, gje tilstrekkelege dosar og følgje pasientane tett i starten. Så blir det også veldig spanande å sjå kva langtidsresultat og røntgendata frå NORD-STAR viser, seier overlege Maud-Kristine Aga Ljoså, som har vore lokal hovudutprøvar i NORD-STAR.

Kven er med i studien?
I Norge er det fem studiesentre; Diakonhjemmet sjukehus, Haukeland sjukehus, Ålesund sjukehus, St.Olavs Hospital og UNN.

-Revmatologisk seksjon i Ålesund er stolt over at de har inkludert nest flest pasientar i Norge til studien, bare slått av Diakonhjemmet sjukehus. Flinke og engasjerte legar og studiesjukepleiarar har gjort ein viktig jobb, og godt samarbeid med avdeling for medisinsk biokjemi, radiologisk avdeling og apotek har vore avgjerande for god gjennomføring, fortel overlege Ljoså.

Studiegruppen NORD-STAR studien.jpg

Alle desse menneska er involvert i studien og representerer de nordiske landa, samt Nederland. Bildet er tatt i samband med førre studiemøtet i Stockholm, før covid-19 braut ut for fullt. Foto:NORD-STAR-gruppen