Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Arbeidsprosessen i Barneblikk

I prosessen frem mot etablering av familieteama er mange grupper i gong (sjå figur under linken «Arbeidsprosessen i Barneblikk).

Figur: ​Arbeidsprosessen i Barneblikk


Styringsgruppe Barneblikk:  

Består av klinikksjefar, verksemdsleiarar, fylkesmannen, bruker/ pårøranderepresentantar. Kommunane er invitert inn, men ikkje representert enno.

Kvalitetsteamet for Barneblikk:

Skal består av personar frå prosessgruppene og har eit overordna ansvar for dei prosessane som er felles i fylket. Kvalitetsteamet vert konstituert når dei lokale teama kjem på plass

Ide- og kartleggingsgruppe:

Avslutta sitt arbeid sommar 2017. Besto av Unni Arnestad frå fagavdelinga, Jan Ole Bolsø frå Lærings og meistrinssenteret (LMS), Marianne Omvik frå fødselshjelp og kvinnesjukdommar, Marit Pilskog frå Vegsund DPS, Marthe Hancke-Olsen frå Ålesund behandlingssenter, Lisbeth Slyngstad frå Ålesund kommune, Anne Mette Nerbøberg frå Fylkesmannen

Lokale team:

I fyrste omgang i Ålesund, Molde og Kristiansund. Det vert venta med å etablere lokalt team i Volda.
Lokale team består av representantar frå lokalt sjukehus og vertskommunen. Dei er tverrfaglige og utarbeider forslag på innhald i logterskeltilbodet og ser på beskriving av forløp.

Gruppe for kommunikasjon:

Består av Jan Ole  Bolsø LMS som er webredaktør og ein webredaksjonen med koordinator Barneblikk og kontaktpersoner frå dei lokale teama. Fokuset er i fyrste runde ei Nettside. Har et ansvar for kommunikasjon i heile fylket.

Gruppe for kompetanseheving:

Under etablering.
Planlegge og legge til rette for kompetanseheving i heile fylket. Skal sjå dette i høve til kompetanseplanar i fylket. Får innspel frå dei andre gruppene.

Leger med barneblikk:

Midlar er innvila til innovasjon hausten 2017 der ein skal sjå på samhandlingsrutinene mellom fastlegane og andre tenester. Plan over 3 år og skal gjennomførast av 2 legar og ein brukar.

Sist oppdatert 04.07.2017