Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årsmelding 2022: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Pågåande forskings- og ph. d.-prosjekt

Helse Møre og Romsdal har eit aktivt og mangfaldig forskingsmiljø med pågåande forskings- og ph. d.-prosjekt innan ulike felt. Her kan du lese eit utval av desse. Dei presenterte prosjekta avspeglar forskingsmangfaldet i HMR og bidrar til brei kompetanseutvikling innan dei ulike fagfelta og helseføretaket som heilskap. Trykk på kvar av overskriftene for å lese meir om forskings- og ph. d-prosjekta.

Publisert 07.03.2023
Sist oppdatert 14.03.2023

Tilbake til Årsmelding 2022: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse​​

SandvikNY.png
Navn: Jorunn Sandvik
Stilling: Overlege ved kirurgisk avdeling
Prosjekt: Bariatric surgery observation study (BAROBS)​
Tilhøyrande avdeling: Kirurgisk avdeling, Klinikk Ålesund sjukehus


BAROBS-prosjektet (Bariatric surgery observation study) er eit regionalt prosjekt som undersøker langtidseffektar​ etter fedmekirurgi. Det er Namsos sjukehus​, St. Olavs hospital og Ålesund sjukehus som deltar. I perioden 2018-2020 fekk alle som var operert med gastrisk bypass på grunn av alvorleg fedme tilbod om ein tiårs-kontroll ved det sjukehuset dei var operert ved, og 546 av 930 møtte. Det er foreløpig publisert 7 artiklar frå dette prosjektet i internasjonale tidsskrift og fleire er undervegs.​

Vi startar ​i 2023 med BAROBS2, som er ein ny datainnsamling kor dei 1400 som blei operert for fedme i perioden 2010-2015 ved dei tre sjukehusa får invitasjon til å delta. 
​​
​Prosjektet leiast frå Regionalt senter for fedmeforsking og innovasjon ved St. Olavs hospital, men med dei tre sjukehusa som likeverdige partnarar i prosjektet.



lado
Navn: Lado Lako Loro
Stilling: Overtannlege/oralkirurg
Prosjekt: Rebuilding of Alveolar Bones by Mesenchymal Stem Cells 
Tilhøyrande avdeling: Kjevekirurgisk seksjon, Klinikk Ålesund sjukehus


Den nåverande aukinga i menneskeleg levetid kjem med ein auka førekomst av degenerative sjukdommar, og følgeleg ein høg etterspurnad​ etter vev-​​/organtransplantasjonar. Ikkj​e-heilande beindefektar utgjer ein betydeleg belasting for helsesystemet med 2 millionar beintransplantasjons-operasjonar kvart​​ år globalt. Likevel har transplantasjonsmedisin risiko for infeksjon, sjukelegheit for gjevarar, avgrensa tilførsel av vev, og høge kostnadar​ for helsesystemet. 

Mi forsking i samarbeid med Universitetet i Bergen inneber bruk av stamcellebasert beinregenereringsterapi som eit innovativt alternativ til beintransplantasjon hos pasientar ​med beindefektar i kjevane​. Forskingsgruppa​ ved Universitetet i Bergen (Tissue Engineering Group – Engineering for life) har levert reproduserbare funn om effekten av behandlinga​ ved å utføre tidleg-fase kliniske studiar. I dette prosjektet vil vi utføre kliniske multisenterstudiar for regenerering av bein i kjevane.



eriksen
Navn: Beate Horsberg Eriksen
Stilling: Seksjonsoverlege i pediatri
Prosjekt: Dødsfødslar og spedbarnsdødelegheit i Noreg: ein populasjonsbasert studie
Tilhøyrande avdeling: Barne- og ungdomsavdelinga, Klinikk Ålesund sjukehus

Forskingsprosjektet er ein nasjonal, populasjonsbasert registerstudie som skal undersøke førekomst, omstende og risikofaktorar for dødfødsel og spedbarnsdød i Noreg over ein 12-års periode frå 2009 til 2021. Studiepopulasjonen består av alle dødfødd​​e barn med gestasjonsalder mellom 22 og 42 veker og med fødselsvekt på minimum 500 gram, samt alle levandefødde barn i same periode som døde innan eitt års alder (≤ 365 dagar). Kontrollgruppa vil bestå av alle levandefødde barn i same periode som overlevde spedbarnsfasen.​​

Vi nyttar data frå Norsk nyfødtmedisinsk kvalitetsregister (NNK), Medisinsk fødselsregister (MFR), Dødsårsaksregisteret (DÅR) og S​tatistisk sentralbyrå (SSB). Datamaterialet vil omfatte informasjon om nyfødtmedisinske diagnosar og dødsårsaker samt opplysinga​r om helsetilstanden til mor og utvalde​ variablar ​for sosioøkonomi hos mor og far. ​

Utvalet i denne registerstudien er populasjonsbasert og vil omfatte alle registrerte dødfødd​e etter fullførte​ 22 svangerskapsveker og alle levande fødde etter 22 fullførte svangerskapsveker som døydde innan 1 års alder, samt deres mødrer og fedrar. Prosjektet vil kunne ha stor betydning for fagmiljøets og samfunn​ets innsikt i årsakar og omstende rundt dødfødslar og spedbarnsdød samt risikofaktorar for dette. 

Denne kunnskapen kan brukast til å forbetre oppfølging, overvaking og behandling av gravide og nyfødde samt evaluere om det finnast regional eller lokal uønska variasjon av betyding for utkomme.​ Studien vil kunne bidra til å identifisere både suksessvariablar og forbet​ringsområde innan det perinatale fagfeltet. Resultata vil kunne gjere helsetenesta betre rusta ​​​til å yte optimal hjelp gjennom svangerskap, fødsel og spedbarnsfase.​



hoff
Navn: Dag Arne Lihaug Hoff
Stilling: Seksjonssjef for Seksjon for kliniske studiar, overlege i gastroenterologi, og førsteamanuensis.
Prosjekt​: Behandling av irritabel tarmsyndrom med tarmflora frå frisk donor. REFIT2 - ein norsk multisenter fase III-studie​​
Tilhøyrande avdeling​: Fagavdelinga, Medisinsk avdeling.

Beskriving frå Universitetet i Oslo​:

Avføring blir gjerne rekna som eit ubrukele​g avfallsprodukt, og noko illelukta​nde vi vil få vekk snarast ​ved å trekke ned i toalettskåla. Men forsking dei siste åra tyder på at avføring frå friske donorar er gull verdt og ein mogleg ressurs å bruke i pasientbehandling.

REFIT 2-studien vil undersøke om tarmflorabehandling kan brukast mot irritabel tarmsyndrom. Behandlingsformen inneber ​overføring av avføring frå ein frisk gjevar (donor) til ei​n mottaker. Donorane ​og transplantatet er nøye valt ut og undersøkt for å unngå at sjukdommar eller forstyrringar ​i tarmfloraen overførast til mottakeren.

Målet er å finne ut om fekal mikrobiota-transplantasjon som behandling kan gi pasientar med irritabel tarmsyndrom færre symptom og ein betre kvardag.

Studien leiast av forskarar ved Universitetssjukehuset Nord-Norge.​ Ålesund sjukehus, Haukeland universitetssjukehus, ​Sørlandet sjukehus Kristiansand, ​og Oslo universitetssjukehus ​samarbeidar i dette prosjektet.​

anne
Navn: Anne-Mari Holte Flusund
Stilling: Radiolog
Prosjekttittel: Pasientar med traumatisk hovudskade: Kartlegging av traumatisk aksonal skade i klinisk biletdiagnostikk og betydninga for langtidsprognose
Tilhøyrande klinikk: Klinikk for diagnostikk

Prosjektet handla​r om ein bestemt type skade vi ser hos pasientar som har vore ​utsett for traumatiske hovudskadar​, nemleg skade av sjølve aksonet som er "leidning​a" som leiar signal til og frå nervecellene våre. Denne skadetypen kallast traumatisk aksonal skade (TAI) og er svært vanleg hos pasientar som har hatt moderat eller alvorleg hovudskade. Vi kan sjå teikn til TAI på biletundersøking​ar​, først og fremst på MR, men av og til også på CT. Frå tidlegare veit vi at korleis det går med pasientar etter traumatiske hovudskadar har samanheng med slik aksonskade. ​​​​

Dei siste åra har ein ny metode for å vurdere biletfunn hos pasientar med biletundersøkingar av hovudet blitt tatt i bruk, såkalla lesjonskart. Med denne metoden kan ein studere funn (lesjonar) på mellom anna MR frå ein heil gruppe pasientar samstundes. Metoden er brukt i studiar av mellom anna ​​hjerneinfarkt og hjernesvulstar, men den er ikkje brukt før til å studere pasientar med traumatiske hovudskadar. ​​​

Prosjektet har som mål å nytte lesjonskart til å studere TAI og ved hjelp av denne metoden forsøke å komme nærmare samanhengen mellom langtidsutkomme og biletfunn.  Vi ønsker å sjå nærmare på akkurat kva biletfunn ​som betyr mest for utkomme og mellom anna prøve å lage ein ny gradering for biletfunn ved TAI som passar betre med prognose for pasientane​. Vi ønsker også å bruke lesjonskart til å undersøke forskjellar mellom biletfunn ved TAI og biletfunn hos normalpopulasjonen. 
​​
​Det er viktig for både pasientar og pårørande ​​å få ein peikepinn på korleis livet etter hovudskadar kan sjå ut. Det kan vere til hjelp når ein skal planleggje vidare behandling, rehabilitering og vegen tilbake til kvardagen. For framtida kan dette også vere nyttig i arbeidet med å finne nye og betre måtar å behandle og handtere hovudskadar på​.​​​



kristen
Navn: Kristen Rasmussen
Stilling: Seksjonsleiar for Anestesilegar og smertepoliklinikk
Prosjekttittel: Patient safety in Helicopter Emergency Services. Exploring influential factors using a mixed-methods approach.
Tilhøyrande klinikk: Klinikk Ålesund sjukehus (før Klinikk for prehospitale tenester)

​Kvaliteten ​på behandlinga ​som blir gitt prehospitalt, både på skadestad og under transport til sjukehus hos kritisk sjuke eller skadde pasientar, vil kunne ha stor betyding for det endelege utfallet. Kva skal til for at denne behandlinga gjerast så god som mogleg? Prosjektet har som mål å sjå på kva som er dei viktigaste faktorane for best mulig pasientsikkerheit i ein behandlingssituasjon prega​ av støy, stress, lite plass og avgrensa ressursar. 

Endringa ​​​i bemanning ved basen i Ålesund var bakgrunnen for prosjektet. Etter kvart har prosjektet fått eit breiare ​omfang der ein ser på ulike faktorar, ikkje minst betydinga av å lære av feil som skjer gjennom avviksrapportering. Sjølv om eit viktig mål med eit doktorgradsprosjekt er at det skal tilføre ny kunnskap, så har det mest motiverande vore den personlige læringa ​som forskar. Målet er at prosjektet skal bidra til at det takast betre og meir forskingsbaserte avgjersler når framtidas luftambulanseteneste skal designast.



brattli
Navn: Olav Skjærpe Brattli
Stilling: Spesialist i generell- og gastrokirurgi/seksjonsleiar, Kirurgiske legar
Prosjekttittel: The Injury and Outcomes after Trauma project (IPOT). Effects of socioeconomic position on the risk of serious injury and income and mortality following trauma.​
Tilhøyrande klinikk: Klinikk Volda sjukehus

Nyare oppfølgingsstudiar viser at traumeoverlevere kan ha eit dårlegare funksjonsnivå etter traume enn kva skadegraden i utgangspunktet skulle tilseie. Som traumeteamsleiar har eg utvikla ein aukande interesse med tanke på korleis det går med pasientane vi har behandla. Frå tidlegare veit vi at lav sosioøkonomisk bakgrunn er forbunde med auka helserisiko. Eigne erfaringar som traumeteamsleiar har leia meg til å anta at det også finnast ​ein slik samanheng når det gjeld både traumerisiko og helsesituasjon etter traumebehandling. 

Studien kombinerer data frå Statistisk sentralbyrå, Reseptregisteret, Norsk pasientregister, Dødsårsaksregisteret og Primærhelsetenesteregisteret. Studien inkluderer alle pasientar som blei tekne imot av traumeteam i Noreg i perioden 2015-2018, totalt 26 562 pasientar. Kvar av traumepasientane vil samanliknast mot ein​ 10 matchede kontroller, til saman 292 182 personar. Vi ønsker å sjå i kva grad sosioøkonomisk bakgrunn påverkar traumerisiko og overleving. I tillegg ønsker vi å studere korleis sosioøkonomisk posisjon før traume påverkar ​inntektsnivå etter traume. Studien er ein del av IPOT-forskargruppa som leiast av professor Leiv Arne Rosseland ved Oslo universitetssjukehus. Min hovudrettleiar for studien vil vere Trond Nordseth.



breivikjohanna
​Navn: 
Johanna Vigfusdottir, og Edvard Breivik
Stilling: Psykologspesialist, og konstitutert overlege med pågåande spesialisering i psykiatri og rus- og avhengighetsmedisin
Prosjekttittel: Emosjonsregulering og traumefokusert terapi for pasientar innlagd i rusbehandling
Tilhøyrande klinikk: Klinikk for psykisk helse og rus

Mange med alvorleg rusmisbruk har problem med å handtere vanskelege kjensler og har opplevd alvorlege traume. Begge momenta er vist å henge saman med høgare sannsyn for brot i rusbehandling og høgare tilbakefallsrate til rus i etterkant av behandling. I studien vil vi behandle vanskar med å handtere kjensler med ein metode som heiter Dialektisk Atferdsterapi (DBT). Dei pasientane som har posttraumatiske plager i tillegg vil også bli tilbudt traumeterapien Narrativ Eksponeringsterapi (NET). Dette prosjektet har som føremål å undersøke om det er gjennomførleg og relevant å tilby slik behandling.

Det er ein svært høg andel av rusavhengige som får tilbakefall til rus i etterkant av behandling. Det er gjennomført få studiar som undersøker effekten av og i kva grad det er gjennomførleg å leggje til evidensbaserte terapiforme​r mot underliggande årsaker til at rusmisbruket utvikla seg. Pasientgruppa har ei​t stort lidingstrykk og høg dødelegheit, og det har vore motiverande for oss å sjå om vi kan skape forbetringar ​​innan feltet. 

Vi trur dette forskingsprosjektet kan skape ein auka bevisstheit rundt relevansen av traumeeksponerande terapi og kjenslereguleringstrening innafor rusbehandling. Vi meiner langtidsinstitusjonar for rusbehandling bør kunne tilby slik terapi i ein eller anna bevist effektiv form, noko det i dag i altfor liten grad gjerast. Vi håpar også at vi på sikt kan få til ein multisenter RCT med randomisering mellom vår behandlingsform og nåverande standardbehandling. 



klungs
​Navn: Jan Arild Klungsøyr
Stilling: Overlege ved Ortopedisk avdeling
Prosjekttittel: Ny kirurgisk teknikk for behandling av skuldrer som går ut av ledd
Tilhøyrande klinikk: Klinikk Ålesund sjukehus


Slyngeteknikken er utvikla frå ein idé til ein gjennomførleg kirurgisk prosedyre. Den første kadaverstudien blei gjennomført i 2014 ved Smith & Nephew Training Center i York, England. Deretter ble det gjort to kadaverstudiar i Hannover, Tyskland og éin i Ålesund. Den kliniske studien starta i 2017 og forventast å vere ferdig i 2023. PhD-midler kjem frå Samarbeidsorganet og studiane vert støtta av Forskingsavdelinga ved Ålesund sjukehus og ortopedisk avdeling.

Vi ønskte å utvikle ein ny kirurgisk teknikk som kunne gi varig stabilitet, og minske faren for komplikasjonar ved ikkje å forandre skulderanatomien i vesentleg grad. Dei mest brukte teknikkane er Bankart- og Latarjet-operasjonen. Det er eit stort spenn frå Bankart til den anatomi-forandrande Latarjet-prosedyren. Den artroskopiske slyngeteknikken vil kunne fylle gapet mellom desse to forskjellige prosedyrane. Ein hamstringssene rekonstruerer den tapte leddleppen i skulderleddet, og vi legg sena som ein slynge rundt ein anna og større stabiliserande sene/muskel fortil, som saman strammar opp​ skulra og hindrar at den glir ut av ledd.

Pasientar med fremre skulderinstabilitet har blitt inkludert i ein pilotstudie der dei har fått utført slyngeteknikken artroskopisk. Utprøvinga har så langt funne høg pasienttilfredsheit og auka funksjonsnivå både i arbeid og fritid. Skulderinstabiliteten før operasjonen reduserte livskvaliteten i betydelig grad, og pasientane slipper nå å vere redde for at skuldra skal gå ut av ledd. 

Eit vesentleg og nyskapande sekundært resultat av vårt forskingsprosjekt er opprettinga av Aalesund Biomechanics Lab med fasilitetar for læring og testing av kirurgiske teknikkar. Det tverrfaglege teamet (ingeniørar og legar) ved Ålesund Biomechanics Lab kan utføre robot-testing på kadaver som ikkje har vore mogleg i Skandinavia før og er blitt eit nytt og innovativt satsingsområde for NTNU Ålesund og Helse Møre og Romsdal.



dummy
Navn: Audun Olav Dahlberg
Stilling: Konst. overlege og spesialist i nevrologi
Prosjekttittel: ​Chronic Lyme Disease – An approach to gain a better understanding of the phenomenon​
Tilhøyrande klinikk: Klinikk Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Føremålet med prosjektet er å undersøke førekomst av fenomenet "kronisk lyme borreliose". Vi vil også forsøke å finne ut kva som kjenneteiknar denne tilstanden, og sjå etter ulike flåttborne infeksjonar og mikrobar hos individ som meiner å vere langvarig sjuke på grunn av tidlegare flåttbit eller ulike flåttsjukdommar. Det har blitt gjennomført ei landsomfattande rekruttering av deltakarar i samarbeid med mellom anna Folkehelseinstituttet. Motivasjonen bak prosjektet har vore å forsøke å svare på om vedvarande plager i ​​forbindelse med flåttbit eller flåttsjukdom er føresetja i ein kronisk infeksjon eller om det kan vere andre årsaker.

Det som er spanande med prosjektet er å kunne undersøke grenseover​gangen mellom flåttsjukdom og mange ulike sjukdomsuttrykk og verknadsmekanismar innafor fleire greiner av det medisinske fagfeltet. Flåtten breier seg utover landet spesielt grunna klimaendringar. Noreg har også mange vennar av den norske naturen, og mange fryktar flåttbit når dei bevegar seg ute.​ På bakgrunn av dette er temaet veldig relevant nasjonalt, og prosjektet vil potensielt kunne avdekke aktuelle mikrobar eller andre årsaker til langvarig sjukdom etter flåttbit- og sjukdom, og som kan ha behandlingsmessige konsekvensar​.



driller
Navn: Bardo Johannes Driller
Stilling: Overlege på enhet for kreftbehandling og palliasjon Nordmøre og Romsdal
Prosjekttittel: ​Førehandssamtalar og palliativ plan i primærhelsetenesta; effekt på tid i heimen dei siste 90 levedagar og ønskt og aktuelt dødsstad blant menneske med kreft under palliativ behandling
Tilhøyrande klinikk​: Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering

Eit mål for god palliativ behandling er at pasienten skal få moglegheit til å vere heime så mykje og så lenge som mogleg og ønskt, og at spesialistkompetansen skal vere tilgjengeleg ved behov. Vekslingane ​mellom ansvarleg helsetenestenivå eller helsearbeida​r skal ikkje opplevast å stå i vegen for å få behandling og oppfølging av høg ​kvalitet. Gjennom standardiserte pasientforløp, palliativ plan, kompetanseheving og informasjon vil vi forbetre samhandlinga​​ innafor dei to helsetenestenivåa og mellom ulike faggrupper. 

Prosjektet omhandlar helsetenesteforsking for kreftpasientar og deira pårørande. Det er organisert som ein samanliknande prospektiv kontrollert studie, og det inneber standardisering, optimalisering og evaluering av eit diagnostisk-, behandlings-, pleie- og omsorgstilbod. 

Prosjektet består i korte trekk av eit standardisert pasientforløp/palliativ plan for den palliative kreftpasienten både i sjukehus og kommunane​​, kompetanseheving for alle involverte fagpersonar, informasjon om kreft og palliativ behandling til helsepersonell og til befolkninga og systematisk evaluering.

Konkrete mål for pasient og pårørande er å auke tida kreftpasienta​r opphald seg heime ​​med fokus på dei siste 3 levemånadar, redusere tal på innleggingar ​på institusjon, auke tal på kreftpasienter som døyr heime​, redusere pasientars symptombelasting og medføre betra helserelatert livskvalitet til pasientar og pårørande​​​. Eit konkret mål for helsepersonell er auka kompetanse i omgang med palliative pasientar og pårørande for å trygge situasjonen der, kor pasienten sjølv ​​ønsker å få lindrande ​​behandling.

Prosjektet kan potensielt bidra til å forbetre samhandling mellom primær- og spesialisthelsetenesta rundt pasientar med alvorleg sjukdom med fokus på pasientens verdiar og ønsker for framtidig helsehjelp for kreft og særleg også ikkje-kreftpasientar.