Spesialisering i lungesjukdommar ved Molde sjukehus
Hos oss får du utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin, med noko hospitering ved andre avdelingar på sjukehuset.
I starten av tenesta vil du vanlegvis rotere mellom dei ulike seksjonane i 2-3 år for teneste som er meir tilpassa del 2 av spesialiseringa. Dette vert tilpassa indivduelt i samråd med leiar og rettleiar og nedfelt i din individuelle utdanningsplan. Vi forsøker gjennom samtalar både i vurderingskollegium og med leiar og rettleiar å skreddersky utdanningsløp tilpassa kvar enkelt LIS sine behov. Etterkvart som du får meir erfaring forsøker vi å legge til rette for mindre vaktarbeid og meir dagtidsarbeid tilknytt seksjonen. Vi prioriterer høgt fokus på at du som LIS er i utdanning og skal ha tett supervisjon.
Du vil ha eigne dagar avsett til poliklinisk arbeid, mengden av dette og kva pasientar du møter der vil endre seg etterkvart som du får meir erfaring. Du blir prioritert til å vere med på prosedyrer når det vert gjennomført og vil få godt volum av respirasjonsfysiologiske undersøkingar.
Vi har stor bredde innanfor det lungemedisinske fagfeltet og du vil kunne oppnå dei fleste læringsmåla heilt hos oss, medan nokre vil du berre delvis kunne oppfylle her og vil trenge teneste ved eit universitetssjukehus for å få utfyllande teneste. Dette er knytt til sjeldne tilstandar og læringsmål med spesielle prosedyrer som krev eit visst volum eller spesielt utstyr. Pasientgrupper du vil møte mykje av her er lungekreft, KOLS, astma, enkel allergologi, respirasjonssvikt, interstitielle lungesjukdommar, tuberkulose og andre kompliserte lungeinfeksjonar, bronkieektasiar, komplisert søvnapone, pneumothoraks og oppfølging av pasientar med behov for langtids mekanisk ventilasjon.
For læringsmål vi ikkje tilbyr hos oss, må du ha teneste utanfor foretaket. Spesialiseringsperioden ved universitetssjukehus er 18 månader for desse læringsmåla. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus for slik teneste.
Når du startar hos oss får du eit tilpassa introduksjonsprogram med utgangspunkt i dine tidlegare erfaringar. Dette inkluderer innføring i daglege rutiner, prosedyrer, vaktarbeid og IT-opplæring. Det vært særskild gitt opplæring i orienterande ultralydundersøking, bruk av non-invasiv ventilasjonsstøtte, thoraksdrenasje og AHLR. Du får ein plan med følgevakter før du startar i sjølvstendig vaktarbeid.
Når du startar ved lungeseksjonen får du eit informasjonsskriv som inneheld informasjon om alt frå kontaktinformasjon til rutiner ved sengeposten, undervisningplan og mal for ulike notat. Du startar med tett oppfølging på sengepost og etterkvart får du enkle pasientar på poliklinikken.
Internundervisninga er delt mellom felles undervisning ved medisinsk avdeling og seksjonsvis undervisning for lungemedisin.
Tre dagar i veka er det internundervisning i samband med morgonmøtet på avdelinga. Ein av dagane er artikkelgjennomgang, ein av dagane undervisning basert på kasuistikkgjennomgang og ein av dagane undervisning knytt opp mot læringsmål i del 2/3 indremedisin. Denne internundervisninga vert gjennomført 42 veker i året. I tillegg er det felles undervisning for alle legar ved sjukehuset ein halvtime kvar veke der ansvaret for tema alternerar mellom de ulike avdelingane.
Ein dag i veka er det 45 minutt digital undervisning på Teams for alle lungelegar i helseforetaket. Det er sett opp ein årleg undervisningsplan som dekker alle læringsmåla innan lungemedisin i løpet av 2 år. Denne undervisninga er satt opp 38 veker i året. All undervisning skjer i veker utan ferieavvikling. Om sommaren og i samband med jule- og påskeferie er det ikkje planlagt undervisning.
Som LIS får du fri til å delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten, minst 10 dagar per år. Vi legg og til rette for deltaking på enkelte valfrie kurs, samt regionale, nasjonale og internasjonale møter og kongressar.
Vi har trening av MET-team i akuttmottaket kvar månad og arrangerer MET-kveld for LIS-gruppa kvart halvår med gjennomgang av fleire simuleringar. Det er i tillegg regelmessig AHLR-trening for alle legar.
Avdelinga er ikkje stor og du vil jobbe tett ilag med alle spesialistane. Du har dermed god tilgang på råd og hjelp etter behov, og tilgangen på både formell og uformell supervisjon og rettleiing er god. Det er dagleg sett av ansvarleg overlege ved sengepost for supervisjon, spesialist på poiklinikken og bakvakt når du har vakt.
Du får tildelt rettleiar ved oppstart i avdelinga. Saman med rettleiar har du eit ansvar for at rettleiing vert gjennomført. Det er sett av to tidspunkt kvar månad for rettleiing slik at det skal være enklare å finne eit tidspunkt som høver både deg og rettleiar. Dersom desse to tidspunkta ikkje passar vert ein einige om alternativt tidspunkt. Saman med rettleiar vil du følgje opp og oppdatere din individuelle utdanningsplan.
Det er avsett tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timar per veke. Om sommaren vert det ikkje avvikla fordjupningsdagar og derfor er det avsett forholdsvis meir tid til fordjupning dei andre vekene i året slik at samla mengde fordjupningstid tilsvarer 4 timar per veke i løpet av eit kalenderår.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Vi har inga eiga forskingsavdeling ved sjukehuset, men nyttar forskingsavdelinga i helseforetaket ved behov. Fleire av legane har delte stillingar mellom foretaket og NTNU. To av overlegane ved avdelinga er i gang med eit PhD-løp.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Utdanningsutvalet er sett saman av ein overlege og ein LIS. Det er overlegen som er leiar i utdanningsutvalet. Utvalet fungerer for heie avdeling samla. Det vert planlagt gjennomføring av internundervisning og ein ser til at avdelinga arbeider for god kvalitet i spesialistutdanninga. I tillegg tildeler utdanningsutvalet rettleiar til nye LIS.
Lungeseksjonen har ikkje eige utdanningsutval. Ein av legane ved lungeseksjonen er utdanningsansvarleg overlege for heile avdelinga.
Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.
For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:
Anja Helgaker, overlege og spesialist i indremedisin og lungesjukdommar. Utdanningsansvarleg overlege medisinsk avdeling Molde.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.