Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i radiologi ved Molde sjukehus

Den nye CT-maskina i Molde.

Den nye CT-maskina i Molde.

Avdeling for radiologi Molde/Kristiansund har ansvar for det radiologiske tilbodet til pasientar i Romsdal og på Nordmøre, ei befolkning på om lag 120 000. Vi fungerer på mange måtar som ei felles eining: Mange av undersøkingane som blir utført i Kristiansund vert tolka signert av legane i Molde. I tillegg reiser overlegar og erfarne LIS om lag eit par gonger i månaden til Kristiansund for å jobbe fysisk der. Dette gir fin variasjon frå arbeidsdagen i Molde.

Seksjon Molde har følgande laboratorier: 2 MR, 2 CT, 2 UL, 1 angio/intervensjonslab, 1 gjennomlysningslab, 3 for konvensjonell røntgen og mobilt røntgenapparat. I tillegg har vi ein mammografilab. To dagar i veka har vi klinisk mammografi og to dagar har vi screeningundersøkingar. Screeningundersøkingane blir tolka og fulgt opp ved Brystdiagnostisk senter i Ålesund.

Ved Molde Sjukehus har vi også ei nukleærmedisinsk avdeling der undersøkingane blir tolka av legar på St.Olavs Hospital i Trondheim.

Seksjon Kristiansund har følgende laboratorier: 1 MR, 1 CT, 1 UL, en gjennomlysningslab og 2 konvensjonelle røntgenlaber.

Det blir utført eit bredt repertoar av undersøkingar ved begge seksjonar, med størst variasjon i Molde der også LIS-opplæringa skjer. Dette inkluderer mange invasive prosedyrer, frå enkle pleuratappingar til meir kompliserte onkologiske prosedyrer og nokre karintervensjoner.

Vi har no 8 LIS-stillinger og 11 overlegestillinger ved avdelinga. Det er ei generell avdeling, men overlegane har likevel sine interessefelt/spesialfelt som dei arbeider mest med. Som LIS skiftar du mellom dei ulike modalitetane etter eige oppsett.
LIS hos oss har aktiv tilstadevakt heile døgnet. På kvardager starter nattevakta 14.30 og varer til neste morgon kl 09. I helgene og på høgtidsdager er det organisert med døgnvakter. Overlegane har heimevakt deler av døgnet på kveld/natt og i helg, men alle har granskingsstasjoner heime og det er enkelt å be om hjelp. På vakt har vi også ansvaret for å serve Kristiansund sjukehus via teleradiologi.

Vi tilbyr deg ei spennande og variert utdanning innan radiologi der du etter få dagar er med i den daglege drifta ved avdelinga. Vi er overbevist om at du får den beste utdanninga ved å velge oss eller eit anna godt organisert og veldifferensiert lokalsjukehus! Avdelinga har eit tett samarbeid med dei kliniske avdelingane ved sjukehuset. Det er daglege demonstrasjoner for kirurgisk avdeling og kvar veke er det og demonstrasjonar for ØNH og Nevrologisk avdeling. Vi deltek kvar veke i MDT-møter (Multidisiplinære Team) innanfor cancer mamma og cancer coli. 

Det vil ta ca. 3,5 år å oppnå læringsmålene som kan oppfyllast i vår avdeling, og det er dei aller fleste i spesialiteten. Mot slutten av tida her vil du ha eit godt erfaringsgrunnlag for å gjennomføre spesialiseringsperiode på 1,5 år ved universitetssjukehus. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus. Dei fleste hos oss har hatt tradisjon for å velge St. Olavs Hospital. Vi blir saman einige om kvar du skal ha di spesialiseringsperiode.

Som nytilsett LIS utan erfaring i radiologi vil du gjennomgå eit praktisk opplæringsprogram med sikte på å gjere deg raskt sjølvstendig innanfor basal radiologi, særlig med sikte på vaktarbeid. LIS startar i vakt etter om lag 4 vekers teneste.

Avdelinga har ein langsiktig undervisningsplan der sentrale tema og læringsmål i radiologi blir gjennomgått med jamne mellomrom. Det er avsett tid til internundervisning mandag 11.30-12.15, onsdag 11.30-12.15 og fredag 08.30-0900. På mandager går vi gjennom kasustikkar frå føregåande helg og ein kort, valgfri, teorigjennomgang. Onsdager og fredager er det tradisjonell forelesningsbasert undervisning. Kvar tirsdag er det fellesundervisning i auditoriet på sjukehuset for alle legar der dei ulike avdelingane ved sjukehuset bytter på å ha innlegg

Som LIS vil du få kontinuerleg tilbakemelding (skriftleg og munnleg) på jobben du gjer. Du får tidlig kome i gang med enkle intervensjonar (som pleura- og ascitestapping) og enkle biopsiar. Med økte ferdigheter / erfaring vil bredden i intervensjonar  og auke. Den første fredagen kvar månad er det BEST-øving (traumeøving) i mottak der du som LIS deltek med jamne mellomrom.

Avdelinga vår er oversikteleg og det er fysisk nær avstand mellom spesialistar og LIS i den vanlege arbeidskvardagen, slik at spesialistane er lett tilgjengelig for råd og innspel. Spesialist vil signere ut LIS sine undersøkingar og prosedyrer og vil da kunne sende skriftlege tilbakemeldinger på tolkingar via eigen meldingsfunksjon i dataprogrammet som nyttast til bildebehandling.

Vi oppnemner rettleiar før du startar og det leggast til rette for månadlege samtaler. Minst to gonger i året har overlegane evalueringsmøte der alle LIS blir evaluert med hensyn til eigenskapsvurdering, progresjon, styrker og utfordringar for betre å kunne følgje opp kvar og ein av dokke.

Du får delta på anbefalte kurs i spesialiteten og det er sett av tid til studiedagar tilsvarande 4 timar pr veke.

Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.​

Ved avdelinga er det ein av overlegane som er i gang med PhD og jobbar no 50 % med dette.

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.

Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet består av to overlegar og to erfarne LIS. Utdanningsutvalet har ansvar for at nye LIS får rettleiar. Utvalet sett opp undervisningsplan for kvart halvår og evaluerer undervisninga saman med resten av avdelinga.

Det er eigen YLF-tillitsvalt på avdelinga, sjukehuset og på foretaksnivå.

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:

Martin Grotnes, seksjonsleder.  

Einar L. Krinsgtad, leder utdanningsutvalet.


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 23.05.2023