Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i vaksenpsykiatri ved Volda sjukehus

DPS Volda er ein del av Avdeling for DPS Sunnmøre. DPS i Volda har følgande einingar:

  • ​​DPS Volda døgnseksjon. Her gjerast også ECT-behandling.
  • DPS Volda poliklinikk
  • DPS Volda ambulant seksjon med akutt ambulant team og ambulant oppfølgingsteam.

Vi har 5 overlegar og 5 LIS-legar ved DPS Volda.

Vaktordning for LIS er knytt til tenesta i Ålesund og er for tida 12-delt for primærvakt og 14-delt for bakvakt. Primærvakta delast av LIS og LIS 1.

Utdanningsløpet kan gjerast på mange ulike måtar og det er ikkje nokon standardmal for alle. Dette vert tilpassa både kva kompetanse du eventuelt har frå før, kva du manglar for å oppnå læringsmål og korleis vi får alt til å passe i hop. Det vil framgå av Kompetanseportalen kva læringsmål som kan oppnåast ved dei ulike seksjonane, og fleirtalet av læringsmål kan oppnåast ved fleire seksjonar. I tillegg vil ditt utdanningsløp også framgå av din individuelle utdanningsplan.

  • Læringsarena for læringsmål knytt til akuttpsykiatri er Akutt psykisk helse Molde eller Akutt psykisk helse Ålesund. Tenestetid her er minimum 12 månader. 
  • Læringsarena for læringsmål knytt til allmennpsykiatrisk poliklinikk er Poliklinikk psykisk helse Kristiansund, Molde, Ålesund eller Volda. Tenestetid er minimum 12 månader.
  • Læringsarena for læringsmål knytt til såkalla Eining for rehabilitering er ved følgande seksjoner: Døgnbehandling psykisk helse DPS Kristiansund, Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Rehabilitering psykisk helse Hjelset(Molde), Døgnbehandling psykisk helse DPS Volda, Døgnbehandling psykisk helse DPS Sjøholt(Ålesund) og Døgnbehandling psykisk helse DPS Vegsund(Ålesund). Tenestetid er minimum 9 månader.
  • Læringsarena for læringsmål knytt til fordjupningsteneste gis ved følgande seksjonar: Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal(Molde) (fordypningstjeneste Alderspsykiatri), Alderspsykiatri Sunnmøre(Ålesund)(fordypningstjeneste Alderspsykiatri), Utredning og behandling psykisk helse Molde(fordypningsområde Korttidsintervensjon døgn), Poliklinikk psykisk helse Molde(fordypningsområde Traumebehandling) og Poliklinikk psykisk helse Ålesund(fordypningsområde Personlighetspsykiatri). Tenestetid er minimum 9 måneder.

Nye læringsarenaer kan kome til etter nærare søknad. Alternative læringsarenaer for fordjupningsteneste kan vere ved godkjend seksjon innanfor spesialiteten Barne- og ungdomspsykiatri ved dei respektive sjukehusa.

LIS i Volda og Kristiansund må ta ein del av tenestetida ved  Ålesund/Molde sjukehus med minimum 12 månadar ved seksjon akutt psykisk helse og minimum 9 månader ved ein seksjon som er godkjent for fordjupningsteneste. Resterande tid (minimum 3 månadar) kan takast valfritt. 

Som LIS ved eitt av desse sjukehusa må du også reise til Molde eventuelt Ålesund for å dekke obligatoriske krav til psykoterapirettleiing og 70 timar årleg obligatorisk internundervisning.

Vi sender skriftleg informasjon om spesialistutdanninga og seksjonane før første arbeidsdag. Da får du og informasjon om oppmøtetidspunkt og oppmøtestad. På den aktuelle seksjonen blir dei første dagane brukt til introduksjon og arbeidet det er forventa at du som LIS skal gjere der. Du får tildelt klinisk rettleiar og rettleiinga startar i løpet av dei første to vekene.

Så raskt som mogleg etter oppstart skal du delta på obligatorisk kurs i vurdering av sjølvmordsrisiko og aktuelt lovverk innan psykisk helsevern.

Alle LIS på Sunnmøre samlast kvar veke til teoriundervisning og faglig utveksling i Ålesund. Etter ny plan er det hovudsakleg overlege/spesialist i psykiatri som leiar undervisninga og føreles for LIS-legane, men og av og til LIS-lege som skal halde innlegg. Undervisninga foregår over to timar kvar veke, 39 veker i året. Dette er fordelt med 30 minutt til litteraturmøte der vitskapleg artikkel eller anna relevant litteratur blir presentert, og 90 minutt teoretisk hovudundervisning i gitte relevante emner. Undervisningsplanen vert lagt opp etter læringsmåla i spesialistutdanninga og er basert på ein 4-årsplan for undervisning med anbefalte emner og litteratur. Hovudundervisninga blir dels gitt som foredrag i powerpoint, dels som fagleg diskusjon, kasuistikk eller workshops. Vi har og jamleg, 2-3 gonger i året, dagsseminarer/workshops med eksterne foredragshaldarar/ superspesialistar innan vårt fagområde.

Alle LIS oppmuntrast til å delta på dagsseminar og kurs i foretaket. Det er i tillegg obligatorisk deltaking på helseforetaket sitt etikkseminar. Som LIS får du fri med løn til deltaking på nasjonalt anbefalte grunnkurs i psykiatri, samt emnekurs og valfrie kurs etter behov. I tillegg kjem dei nasjonalt anbefalte kursa, samt moglegheit for deltakelse på eksterne kurs og kongresser. Både LIS og overlegar får støtte til å delta på viktige kurs.

Ferdigheter lærast best gjennom klinisk praksis på dei enkelte seksjonar. Det er ikkje lagt opp til eigen simulering eller ferdigheitstrening.

Alle våre seksjonar er små og oversiktlege og du vil arbeide tett ilag med spesialistane. Supervisjon av LIS inngår som ein del av arbeidsoppgåvene til den enkelte spesialist på dei enkelte seksjonar. Dette skjer i form av felles samtalar med tilbakemelding til deg, drøftingar på morgonmøte og teammøter, og diskusjonar knytt til enkeltpasientar. Supervisjonen vil vere tettare på døgnseksjonar og meir etter behov ved poliklinikkane.
Du får oppnemnd rettleiar innan 1-2 veker etter oppstart. Det blir sett av fast tidspunkt 1 time kvar veke for klinisk rettleiing, som er obligatorisk.

Det er sett av 4 timer kvar veke til  fagleg fordjuping for LIS. Sjukehuset har eit godt fagbibliotek med tilgang til MedLine og andre faglege databaser.

Dersom du ønsker det er det gode moglegheiter for å få rettleiing innan forsking.

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.​

Foretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i foretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. 

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. 

Vi oppmodar deg som LIS til å delta i kvalitetsforbedringsprosjekt og andre prosjekt knytt til forsking. Det blir med jamne mellomrom arrangert ELF-kurs der du kan delta. Spesialistar i psykiatri med akademisk kompetanse har med jamne mellomrom innlegg på LIS-undervisninga for å understøtte og bidra til at du oppnår læringsmål knytt til forskning.

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål vert integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla vert dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseforetaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseforetaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med nærmaste leiar. I tillegg vert fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på. 
Det er ønskeleg at felles kompetansemål vert fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den einskilde skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetjing av ny LIS har arbeidsgjevar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne vert utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved indremedisinsk avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkjørt planlegging av utdanninga til LIS-legane i avdelinga er det naudsynt å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Dei psykiatriske avdelingane ved Ålesund og Volda sjukehus og DPS har felles utdanningsutval som utgjerast av 3 overlegar der den eine også er psykoterapirettleiar, 2 LIS der den eine er tillitsvalt, og ein avdelingssjef. Det er overlege som leiar utdanningsutvalet.

Utdanningsutvalet møtest 2-3 gonger kvart semester. Ulike saker knytt til spesialistutdanning og LIS blir drøfta. I tillegg blir det ein gong kvart halvår arrangert klinisk rettleiarsamling der rettleiar kan ta opp saker som gjeld LIS; ønskelege eigenskapar, rettleiing og utvikling, samt utfordringar knytt til rettleiing. Ein gong kvart halvår arrangerer leiar for utdanningsutvalet evaluering av LIS. Dette er individuelt for kvar enkelt LIS der både leiarar, rettleiar og LIS er tilstade. En gong i året er det felles evaluering for rettleiarar og LIS-legar med omsyn til læringsarena, korleis LIS-utdanninga generelt fungerer, utfordringar, forbetringsområder og andre aktuelle saker i samband med LIS-utdanning.

Det er felles YLF-tillitsvalt for Volda/Ålesund. Denne sit og som fast medlem i utdanningsutvalet og har såleis ei viktig stemme med omsyn til utdanninga. YLF-tillitsvalt er og involert i ei rekke ulike fora saman med tillitsvalt for overlegane. Tillitsvalt handterar også andre saker og spørsmål som LIS ved avdelinga måtte ha. I tillegg er det YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

For spørsmål knytt til spesialistutdanninga i Ålesund og Volda, kontakt:

Overlege og leiar for utdanningsutvalet ved Ålesund og Volda sjukehus, Marianne Klokk, tlf 70 10 50 00

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.







Sist oppdatert 02.05.2023