Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medisinsk simulering gir betre pasientbehandling

I 2020 har simuleringsaktiviteten auka og stadig nye einingar ser verdien av å bruke simulering som pedagogisk metode i kompetansebygginga. Leiinga har lenge ønska å samle simuleringsmiljøa i HMR, men det er først i 2020 ei sentral koordinering er kome på plass.

Publisert 07.05.2021
Sist oppdatert 12.05.2021

I 2020 har simuleringsaktiviteten auka og stadig nye einingar ser verdien av å bruke simulering som pedagogisk metode i kompetansebygginga. Leiinga har lenge ønska å samle simuleringsmiljøa i HMR, men det er først i 2020 ei sentral koordinering er kome på plass.

Overordna struktur på plass

Simulering er ein pedagogisk læringsmetode som førebur tilsette og studentar på utfordrande situasjonar dei vil møte i joben sin. Studiar viser at simulering i realistiske omgjevnader gjev god læring og kan gje betre kvalitet, kommunikasjon og pasienttryggleik,

I HMR har denne satsinga i 2020 ført til at kvart sjukehus no har eit eige lager med utstyr som skal brukast i simulering. Etableringa av ein overordna struktur for utvikling og samordning i føretaket har vore viktig for å auke simuleringsaktiviteten. I Strategi for forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse står det mellom anna: Simulering på tvers av profesjonar i realistiske omgjevnader vil til dømes trene helsepersonell si evne til god kommunikasjon, betre samhandling og forståing for kvarandre sine profesjonar.

Ekempel på utstyr som vert brukt i simulering

Ekempel på utstyr som vert brukt i simulering


​- Føremålet med simulering er å styrke kompetanse til tilsette og studentar som er knytt til helseføretaket. Ved å bruke simulering får deltakarane trent i trygge omgjevnadar saman med kollegaer og andre studentar som medverkar til å auke pasienttryggleiken, forklarar fagansvarleg og teamkoordinator Elisabeth Forberg.

Teamkoordinator Elisabeth Forberg

Teamkoordinator Elisabeth Forberg


​- I 2020 nådde vi ein milepstolpe i arbeidet med VirtSim med å få på plass eit eige team med simuleringskoordinatorar (i 20%) ved dei ulike sjukehusa i HMR. VirtSim-koordinatorane sikrar oversikt over ressursar, utstyr, aktivitetar, fasilitatorar og lokalitetar. Saman med teamkoordinator har dei fokus på å standardisere og fremje bruk av simulering som pedagogisk metode i HMR.  

En gruppe mennesker som poserer for et bilde

- Volda sjukehus: intensivsjukepleiar Bodil Helle
- Ålesund  sjukehus: anestesisjukepleiar Trine Larsen
- Molde sjukehus: intensivsjukepleiar Bjørn Ove Hagset (akuttmottak) 
- Kristiansund sjukehus: intensivsjukepleiar Stine Sagli

Høg aktivitet trass utfordrande år

I følge teamleiaren gjennomfører tilsette ved HMR teamsimluering ca ein gong pr. veke innan akuttbarneteam, traumeteam, medisinsk akutteam (MET), slagteam, sepsisteam m. fl. I tillegg kjem VirtSim-aktivitetar med studentar to veker i året og simulering med LiS1 halvårleg etter introveka. Det  blir og nytta simulering innanfor fleire seksjonar og innan psykiatri (MAP). Simuleringseininga i HMR skal i hovudsak inkludere alle klinikkar. Nokre simuleringsteam styrer aktiviteten sin sjølv, medan stadig nye seksjonar og fagfelt tek kontakt for samarbeid. 

Sidan 2018 er det no årleg gjennomført tre simuleringsprosjekt som har vorte ein obligatorisk del av opplæringa for LiS1, SimiLis og for spesialsjukepleiarar – AIO, tverrprofesjonell teamsimluering og rettleiingssimuering. Studentaktivitetane er lagt til pasientrom og ein bruker det utstyret ein er kjend med. Noko som kallast å «simulere in situ». Aktivitetane kallast difor «in situ rettleiingssimulering» og «in situ teamsimulering». Slik kan studentane få delta i autentiske team med erfarent personale og handtere pasientar i meir akutte situasjonar i trygge omgjevnadar utan at nokon kjem til skade.

- I 2020 måtte vi endre mykje av planlagd aktivitet grunna covid-19 situasjonen. Våren 2020 vart SimiLis avlyst og hausten 2020 teamsimlulering avlyst. Dei planlagde aktivitetane var vanskelege å gjennomføre då personalet arbeider på tvers av ulike seksjonar, men rettleiingssimulering greidde vi å halde hausten 2020, seier Elisabeth Forberg. 

Øving.png

Gjennom simuleringstrening kan studentar, sjukepleiarar og legar trene på utfordrande situasjonar, hendingar og kommunikasjon i teamet.

​I følge teamkoordinatoren handlar det om at tverrprofesjonell simulering kan bidra til læring gjennom samspel og fagleg aktivitet. Med tverrprofesjonell meiner vi at ulike faggrupper som legar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar deltek i undervisning og trening samstundes. 

Sjukeseng.png

Ferdighetstrening og fullskalasimulering er forsøk på å etterlikne røyndomen og kopiere ulike kliniske risikosituasjoner. Ei slik tilnærming engasjerer til aktiv deltaking med påfølgjande diskusjon, refleksjon og tilbakemeldingar for å sikre læring.

Jobbar vidare med å få simulering inn i den dagleg drifta

Forberg fortel at i februar 2020 fekk VirtSim i samarbeid med NTNU tilslag på utdeling av midlar frå Helse Midt-Norge. Midlane skal bidra til å styrke kvalitet og relevans i praksisstudiar ved å legge tilrette for at dei to tidlegare prosjekta: rettleiingssimulering og teamsimulering med AIO studentar blir implementert i dagleg drift. Det skal utarbeidast gode prosedyrar for aktivitetane slik at dei kan utførast uavhengig av at «ildsjelene» for prosjekta er til stades.  

​Ho påpeikar at det er avgjerande for suksessen at aktivitetane skal leggast til faste tider. Føremålet er å utvikle ei prosedyre for gjennomføring av dei to simuleringsprosjekta. Det skal utviklast årshjul for simuleringsaktviteten ved NTNU og HMR som ein kan nytte i planlegging av annan samarbeidsaktivitet.

 - Framover om å fortsette det gode arbeidet og å samle alle simuleringsmiljø under same paraply. Det er og avgjerande med areal til øvingsaktivitetane då det er ein stor risiko knytt til in situ trening på grunn av tilgang på ledige rom i dei ulike seksjonane, avsluttar teamkoordinator Forberg.