Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Bygde pustestyring for strålebehandling

Stråleterapieiniga i Helse Møre og Romsdal var blant dei første i landet til å ta i bruk pustestyrt strålebehandling – ved hjelp av eit lokalt utvikla system

Publisert 21.10.2019
Sist oppdatert 18.08.2023

– Utan eit eigenutvikla system hadde ikkje Helse Møre og Romsdal hatt mogelegheit til å starte med pustestyrt strålebehandling s

– Utan eit eigenutvikla system hadde ikkje Helse Møre og Romsdal hatt mogelegheit til å starte med pustestyrt strålebehandling så tidleg, seier Christer Jensen.

– Vi var med på å danne kunnskapsgrunnlaget for pustestyrt strålebehandling. Denne typen system er no i bruk i heile Noreg, fortel Christer Jensen. Han sto bak det eigenutvikla systemet som var tilpassa brystkreftpasientar og sto klart til utprøving allereie i 2012. Både bygginga og testinga var del av doktorgradsarbeidet til Jensen medan han var tilsett som fysikar ved Kreftavdelinga. Sidan 2017 har han vore innovasjonsrådgjevar ved FIUK-seksjonen i Fagavdelinga.

For dyrt
Pustestyrt strålebehandling av brystkreft går ut på å redusere strålingsdosen til nærliggande organ – som hjartet og lungene, for å redusere faren for biverknader. Strålinga blir berre gitt medan pasienten trekker pusten inn og held den. Då er bryst og brystveggen lengst mogeleg vekke frå hjartet.
Då Jensen utvikla systemet, var kommersielt utstyr for pustestyrt strålebehandling for dyrt for helseføretaket. Han bygde eit system av rimelege og lett tilgjengelige produkt – mellom anna ein bygglaser til avstandsmåling, pleksiglas, videobriller og ein sigaretthaldar til å halde laseren. Laseren målte korleis brystbeina til pasientane rørte seg, og pasienten kunne følgje med på si eiga pustekurve visualisert i videobrillene. Stråleterapeutane kunne dermed be pasienten om å trekke pusten til eit gitt nivå og halde den der.

Mindre stråling av normalvev
Funna i doktorgradsarbeidet viste at det eigenutvikla laserbaserte systemet var praktisk og reproduserbart i bruk. Jensen samanlikna strålingsdosar til pasientar med venstresidig brystkreft som pusta fritt, med pasientar som
berre fekk stråling ved djup innpust.
– Strålingsdosen til normalvev blei redusert ved djup innpust, samtidig som brystet fekk full bestråling, fortel Jensen. Fleire hundre pasientar blei behandla med systemet hans.
– Det er sannsynleg at mindre dosar til normalvev reduserte risikoen for framtidige biverknader for desse pasientane, men det er ikkje mogeleg å seie det sikkert. Det kan ta mange år før biverknader viser seg, seier Jensen. Han
brukte også systemet til å kartlegge rørslene til pasientane under strålebehandlinga. Funna viste at meir enn 90 prosent av posisjonsendringane skjedde i dei første tre minutta av kvar behandling. Jensen samanlikna også ein ny rotasjonsbasert behandlingsteknikk med standardteknikken.

COBRA
I dag er Jensen sitt eigenutvikla system erstatta av eit kommersielt system på Kreftavdelinga, men prosjektet gjorde at Helse Møre og Romsdal tidleg fekk god kompetanse på feltet. Doktorgradsarbeidet danna også grunnlag for den
pågåande studien COBRA (Cardiovascular tOxicity in BReast cancer patients after RAdiotherapy). Her ser forskarane etter tidleg og sein utvikling av hjarteskade som følge av strålebehandling for venstresidig brystkreft. Målet er å finne den beste metoden for å påvise eventuell skade. Dette er ein tverrfagleg, regional fleirsenterstudie der Helse Møre og Romsdal samarbeider med St. Olavs hospital I Trondheim.

Doktorgrad
Jensen disputerte 29. november 2018 ved Ålesund sjukehus. Doktorgraden gjekk ut frå Institutt for klinisk og molekylær medisin ved NTNU. Jensen hadde finansiering frå Regionalt samarbeidsorgan for utdanning, forsking og innovasjon, samt frå Helse Møre og Romsdal i sluttfasen.