Heime i staden for månader på sjukehus
Langvarig behandling med intravenøs antibiotika kan bety åtte veker på sjukehus. Med kateter, elektronisk pumpe og tryggleiksalarm skal utvalde pasientar få bli heime i staden. Velkomen til heimesjukehus.
– Vår første pilotpasient kunne vere ute og vaske bilen, gå på trening og gjere andre vanlege aktivitetar, fortel prosjektleiar Inger Stokke. Det forskingsbaserte innovasjonsprosjektet skal først og fremst betre livskvaliteten for pasientane. Prosjektet legg til rette for at dei skal vere aktive deltakarar i eiga behandling, få meir innverknad og oppleve meir mestring. Bruk av samhandling og teknologi ligg til grunn. På sikt er målet også å bidra til eit meir effektivt helsevesen.
Betre heime
Prosjektgruppa har utvikla ein ny tenestemodell der pasientar som treng langvarig behandling med intravenøs antibiotika kan reise heim igjen med utstyr og ferdigheter til å gi seg sjølv medisinen. Vidare er målet å gjere ei forskingsbasert testing og evaluering av det nye pasientforløpet.
Prosjektet legg opp til eit høgt nivå av samhandling mellom spesialisthelseteneste, kommunehelseteneste, alarmsentral, apotek og pasient. Framover skal opplegget prøvast ut på rundt 30 pasientar med visse diagnosar. Det kan for eksempel vere infeksjon i hjertehinna eller hjerteklaffane, bakteriell leddinfeksjon, betennelsar i beinvev, infeksjonar i protesar eller kronisk lungeinfeksjon.
– I dag blir pasientar som treng denne typen behandling gjerne liggande i seks til åtte veker på sjukehus, der dei får intravenøs antibiotika tre til fire gonger om dagen, fortel Stokke. Å trille eit infusjonsstativ opp og ned sjukehusgangar veke etter veke, kan vere langt frå spanande. Stokke trur pasientane kan få det betre heime. I tillegg kan prosjektet gi kunnskap om mogelegheitene som ligg i ny teknologi og innovative løysingar for samhandling, som igjen kan føre til meir brukarvenlege løysingar.
Kateter og pumpe
Aktuelle pasientar vil bli spurde om å vere med etter at infeksjonen deira er stabilisert på sjukehuset. Dei som seier ja, vil få lagt inn eit kateter i ei blodåre. Kateteret koplast deretter til ei elektronisk pumpe som pasienten kan bere på kroppen i eit magebelte, ei veske eller ein sekk på ryggen.
Pumpa skal i sin tur vere kopla til ein pose med antibiotikaløysing. Pumpa blir programmert på førehand slik at den gir rett dose antibiotika til dei rette tidene gjennom døgnet. Mellom doseringane gir den ein kontinuerleg lav vedlikehaldsdose. Pasienten har heile tida tre til fire antibiotikaposar i kjøleskapet sitt, og får opplæring i utskifting og reingjering.
– Sjukepleiarar i eit kommunalt responsteam kjem heim til pasienten dersom vedkomande ikkje føler seg trygg på skiftinga sjølv. Sjukepleiarane byter også bandasjar, leverer antibiotika, og hjelper til med opplæringa av pasienten, fortel Stokke.
Trygt og sikkert
For både prosjektgruppa, pasientane og for sjukehuslegane som har ansvaret for pasientane medan dei er i heimesjukehus, er det ein viktig føresetnad at tilbodet er like trygt og sikkert som å få antibiotikumet som vanleg på sjukehuset. Alle pasientane som skal vere med, må få kopla opp ein tryggleiksalarm. Om pasienten trykker på knappen, går alarmen i Regionalt responssenter, der tre sjukepleiarar som er tilsette i Kristiansund kommune sitt responsteam, har fått spesialopplæring i heimesjukehus og har beredskapsvakt. To gongar i veka får pasientane oppfølging frå legen sin ved sjukehuset gjennom videosamtalar på Skype – såkalla medisinsk avstandsoppfølging. Pasientane skal vere
utskrivne frå sjukehuset, men ha open innlegging ved ein fiktiv «Poliklinikk for heimesjukehus». Dermed er det enkelt for ansvarleg sjukehuslege å ha oversikt over kva for pasientar som er til behandling heime. Det kommunale responsteamet fungerer heile vegen som legen sin forlenga arm.
– Ingen skal bli pressa til å vere heime, og pasientane kan trekke seg når som helst, seier Stokke.
Sporadisk tilbod tidlegare
Tidlegare har heimebehandling med intravenøs antibiotika gått føre seg sporadisk rundt om i landet. Ideen til heimesjukehusprosjektet i Kristiansund kom frå spesialrådgjevar i smittevern ved sjukehuset, Ann Iren Kjønnøy, etter at ho fekk innblikk i heimebehandling av ungdom med cystisk fibrose ved Ullevål sykehus.
– Eg såg kva som var mogeleg. Med god opplæring av pasientane og deira familiar, kunne pasientane få eit betre og friare liv. Dette var ei lita og spesiell pasientgruppe, så eg tenkte at det måtte vere mogeleg å utvikle det vidare, seier Kjønnøy.
Ei av målsetningane for prosjektet er å få fram kunnskap om aspekt ved heimesjukehus med avstandsoppfølging som kan overførast til andre diagnosegrupper, behandlingsmetodar og geografiske område.
– Vi opplever at det er stor interesse for prosjektet, også i ulike forskingsmiljø. Det har også ført til at prosjektet no har blitt mykje større enn ein såg føre seg i starten, seier Stokke. I 2019 skal tilbodet om heimesjukehus også ut i fleire kommunar på Nordmøre.
Prosedyrar og pasientforløp
Ingen har tidlegare sett heimebehandling med intravenøs antibiotika i system – med tilhøyrande følgeforsking – slik prosjektet i Kristiansund er i ferd med å gjere no. Prosjektgruppa har allereie lagt ned ein stor innsats for å lage alle nødvendige prosedyrar og beskrive pasientforløp.Med små midlar og stort engasjement utvikla prosjektgruppa i 2018 ein felles kompetanseportal med tilhøyrande prosedyrar for sjukehus og kommune.
– Dette er ein nøkkelfaktor for forsvarleg heimebehandling, seier Stokke. Gjennom prosjektet er det også gjort ei tilpassing av kommunikasjons- og informasjonskanalar for dokumentflyt mellom aktørane som samhandlar. For eksempel har sjukepleiarane i responsteamet i Kristiansund kommune tilgang til sjukehuset sin elektroniske pasientjournal. Dei kan også dokumentere manuelle registreringar utført i heimen direkte i journal, som blodtrykk, puls, temperatur og respirasjonsfrekvens.
Velvilje og eigeninnsats
Prosjektet er eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal ved Kristiansund sjukehus, Kristiansund kommune med Helseinnovasjonssenteret og Regionalt responsteam, Sjukehusapoteket Midt-Norge og SINTEF. Forprosjektet i 2018 mottok 750 000 kroner frå Innovasjonsmidlar Helse Midt-Norge. Hovudprosjektet fekk tildelt ein tilsvarande sum for 2019. Prosjektet skal gå i minst fire år totalt.
– Det meste av finansieringa går til stillinga mi og til SINTEF, som er ein viktig samarbeidspartnar i prosjektet. For resten av samarbeidspartnarane er prosjektet basert på velvilje og eigeninnsats, seier Stokke.