Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samanliknar operasjonar av slitne ryggar

Aldrande ryggar gjer ofte vondt. Erland Hermansen vil finne ut kva som fungerer best i dei tilfella det blir nødvendig med operasjon.

Publisert 07.05.2019
Sist oppdatert 18.08.2023
Eldre mann med vond rygg

På verdsbasis og i Noreg er smerter i nedre del av ryggen den fremste årsaka til auken i talet på år levd med funksjonshemming. (Foto: Colourbox)

Ryggraden er sett saman av mange virvlar. Gjennom dei går ein kanal som vernar ryggmargen. I den aldrande delen av folket er det vanleg at denne kanalen blir trongare.

Kanalen er utsett for slitasje og andre degenerative endringar, for eksempel forkalkingar i ryggvirvlane og mellomvirvelskiver som fell saman.  

Trong ryggmargskanal, eller spinal stenose, kan føre til at blodårer og nervar blir skvisa. Nervar i klem kan gi liknande symptom som ved isjias, nemleg smerter som stråler ut i beina – spesielt når pasienten går.

Hovudsymptom
– Dersom vi tok MR-bilete av alle over 60 år, ville eit stort fleirtal få påvist trong ryggmargskanal. Heldigvis er det berre fåtalet som treng operasjon, seier overlege og avdelingssjef Erland Hermansen ved Ortopedisk avdeling på Ålesund sjukehus.

Han er spesialist i ortopedisk kirurgi. I doktorgraden sin samanlikna han pasientar med ingen eller lite smerter som strålte ut i beina, med pasientar som hadde mykje slike smerter. Funna viser at pasientar med tydelege smertestrålar opplevde større betring etter operasjon.

– Dette er eit hovudsymptom. Pasientar utan tydelege smertestrålar får ofte dårleg effekt av operasjonen, seier Hermansen, som også er fagansvarleg for ortopedisk forsking ved sjukehuset.

Lagar meir plass
Overlegen samanlikna også ulike kirurgiske metodar.

– Kirurgi mot trong ryggmargskanal er det vanlegaste inngrepet i den nedre delen av ryggen hos vaksne. For heile Noreg er det snakk om rundt 3 000 operasjonar i året, fortel Hermansen.

Erland Hermansen

– Blant pasientar som treng operativ behandling av trong ryggmargskanal, er det sannsynleg at vi etter kvart vil klare å sjå undergrupper som har betre effekt av den eine eller andre kirurgiske metoden, seier lege og avdelingssjef Erland Hermansen. (Foto: Privat)

Inngrepa går rett og slett ut på å lage meir plass for å lette på trykket. På fagspråket blir dette kalla dekompresjon. Nokre metodar har potensial til å lage meir plass enn andre. Hermansen undersøkte kva slags forsking som allereie er gjort for å samanlikne metodane.

– Tidlegare studiar har vore for små og ikkje hatt god nok kvalitet. Studiane har inkludert for få pasientar, og har gått over kort tid, seier Hermansen.

Kom likt ut
Overlegen brukte data frå Nasjonalt kvalitetsregister for ryggkirurgi til å samanlikne tre ulike kirurgiske metodar.

Den eine er mindre brukt enn dei andre to. Den er enklare for kirurgane å utføre og har størst potensial til å auke plassen i ryggmargskanalen. Samtidig er inngrepet for pasientane større, fordi kirurgane kuttar ryggtaggen der dei går inn. Ryggtaggen er den delen av ryggvirvlane du kan kjenne som små utstikkarar på din eigen rygg.

Dei to andre metodane er meir skånsame, men potensialet for å lage meir plass er ikkje like stort, og inngrepa er dessutan vanskelegare å utføre. Hermansen viste at den første metoden gir like gode resultat for pasientane som dei to andre når det gjeld smertebetring og kor nøgde pasientane er.

Treng langtidsstudie
Om dei tre metodane har ulik innverknad på utfallet for pasientane på lengre sikt, er ikkje kjent. Aldringa og dei degenerative endringane stoppar naturleg nok ikkje opp etter den første operasjonen, og i dag er det slik at ganske mange av dei ryggopererte treng operasjon nummer to etter ei tid.

Eitt av måla til Hermansen er å skaffe kunnskap som reduserer behovet for dette. Det vil seie kunnskap som kan hjelpe kirurgane med å vurdere kor mykje betring av plassforholda som er nødvendig, slik at dei kan velje rett operasjonsteknikk.

– Doktorgraden min og tidlegare forsking på dette feltet har vist at det er behov for ein større studie av operasjonsmetodar ved trong ryggmargskanal. For å kunne svare på kva for metodar som er best for bestemte pasientgrupper, må vi følgje pasientane over lengre tid, seier Hermansen.

NORDSTEN
Med mål om langtidsoppfølging av ei stor gruppe pasientar, var Hermansen sterkt delaktig i planlegginga or organiseringa av prosjektet NORDSTEN. Han inkluderte studieprotokollen i sin doktorgrad.

NORDSTEN-studien er verdas største randomiserte studie på operativ behandling av trong ryggmargskanal. Her er målet er å inkludere nærmare 1000 pasientar som skal følgast i 10 år.

No har Hermansen det administrative ansvaret for NORDSTEN, som omfattar 18 norske sjukehus og 40-50 kirurgar. Han håper mellom anna at arbeidet vil gi svar på om ein større dekompresjon kan skape ustabilitet i ryggen over tid, eller om mindre radikale inngrep fører til at symptoma kjem raskare tilbake.

– Dei første korttidsresultata vil kome om eit par år, seier Hermansen.

Han disputerte ved Ålesund sjukehus 15. juni 2018, og avhandlinga gjekk ut frå Klinisk institutt 1 ved Universitetet i Bergen. Til doktorgradsarbeidet hadde Hermansen finansiering frå Samarbeidsorganet Helse-Vest.

Les meir om disputasen her