Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

I startgropa på SNR-diskusjonar kring tilbod i Kristiansund

I førre veke starta dei første diskusjonane på korleis ein ser føre seg eit spesialisthelsetenestetilbod i Kristiansund. –For å få diskusjonen i gang i hovudgruppa i prosjektet skisserte vi nokre alternativ som viser spennvidda frå minimum, som forøvrig er utelukka, til maksimum, seier Astrid Johanne Brandshaug prosjektleiar i SNR.

Trine Kvalheim
Publisert 29.02.2016

​At dei minste alternativa er utelukka blir støtta av adm.dir. Espen Remme. - Vi skal følge statsråden si tydelege bestilling på eit godt DMS-tilbod i Kristiansund, fastslår direktøren.
Dei konkrete alternativa er eit diskusjonsgrunnlag slik at hovudgruppa kan sjå kva ulike løysingar betyr for pasientar, personell, areal, økonomi osv. Hovudgruppa utgjer i underkant av 20 personar frå heile helseføretaket inkludert brukarar. Oppgåva er å ha heilskapsperspektivet på planlegginga i SNR, og den følgjer konseptfasen heile vegen til ferdig konseptrapport ligg føre i slutten av 2016.

 

HK_medlemmer.jpg
 

Hovudgruppa samla i sitt første møte tidleg i haust.
 

Besøkte Stavanger Universitetssjukehus

-Vi må vi ha gode gjennomgangar på kva fordeling vi kan ha på fag og funksjonar, før vi går vidare med aktuelle alternativ, seier Merete Hagbø som saman med Astrid Johanne Brandshaug er tilsett som prosejektleiarar i planlegginga av SNR (SNR=nytt akuttsjukehus på Hjelset og poliklinikk og dagbehandling/distriktsmedisinsk senter i Kristiansund).
Saman med prosjektdirektør i SNR, Bjørn Remen, og Sjukehusbygg har dei to prosjektleiarane sett opp fleire alternativ for å få i gang diskusjonen i møtet førre torsdag. Då var både studiebesøk til Stavanger universitetssjukehus og innleiande diskusjonar rundt tilbodet i Kristiansund på agendaen.


 

Kva grupper er involvert i SNR, og kva inneheld dei ulike fasene?
Slik er tidsplanen for SNR


 

-I Stavanger fekk vi høyre korleis dei har organisert Egersund DMS og dagkirurgien på Hillevåg i samspel med det det eksisterande sjukehuset, seier Merete Hagbø. I tillegg fekk gruppa presentert døme på kva som finst av tilsvarande tilbod andre stader i landet og erfaringane med desse.
– I sum ga dette hovudgruppa eit godt diskusjonsgrunnlag, seier Astrid Johanne Brandshaug.
 

Kva skjer vidare?

Hovudgruppa ser no mellom anna på kva prinsipp det er viktig å ta omsyn til i vurderinga av alternativa. - Vi går inn i interessante tema som t.d. ulike driftsformer mellom akutt kirurgi og planlagt kirurgi, seier Brandshaug.
–Dei siste åra har det vore ei stor utvikling innan planlagde kirurgiske inngrep som tidlegare kravde innlegging  i sjukehus, men som vi no gjer som dagkirurgi, seier Brandshaug.
Prosjektleiarane er også klar på kva fullmakter hovudgruppa har. -Hovudgruppa tek ikkje avgjerder, men gir råd til prosjektstyret i SNR og adm.dir. i Helse Møre og Romsdal, seier Merete Hagbø. Ho fortel at dei ulike delane av konseptrapporten blir utforma i plangrupper for kvart program som t.d.hovudfunksjonsprogram, delfunksjonsprogram osv. Til slutt blir desse sett saman til eitt dokument.
– Det er styret i helseføretaket som tek avgjerda når dei får lagt fram konseptrapporten i slutten av 2016, seier Hagbø.
Båge Hagbø og Brandshaug er klar på at gevinsten rundt god drift av tilbodet i Kristiansund blir best mogleg i samarbeid med kommunane.
 
Denne modellen går vidare til skisseprosjektet i SNR

 

Planlegginga av SNR er no inne i Konseptfasen

 

Fakta om konseptfasen

  • Skal vere ferdig mot slutten av 2016
  • HMR skal velje mellom dei mest aktuelle konsepta for SNR
  • Omhandlar spørsmål omkring framtidige behov, korleis ein kan løyse funksjonane i eitnytt bygg, utstyr, logistikk, driftskostnader og helseføretaket si evne til åbere kostnaden
  • Arkitektane lagar skisser som viser korleis driftsmodellen kan sjå ut som ferdig bygg
  • Rapporten frå konseptfasen skal gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KSK) før den leggast fram for styret i HMR mot slutten av 2016

Publisert: 09.01.2016