Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Massivt kompetanseløft i akuttmottaka

- Vi må ha kompetente folk som står i front og tek imot pasientane, seier seksjonsleiar Monicha Strand Isaksen på Akuttmottaket i Kristiansund.

Publisert 21.06.2016
Sist oppdatert 23.06.2016


Ann Kari Moe (t.v) og Hege Rydjord gjer alt klart for AHLR-trening

Slag, sepsis, blodpropp og hjarteinfarkt er berre nokre få av diagnosane som sykepleiarane ved akuttmottaket på Kristiansund sjukehus kan stå overfor.  I løpet av 2015 tok dei imot 7588 pasientar. Da er det viktig at kompetansen er god.

Ny sertifisering

Monicha Strand Isaksen er ein av fleire leiarar på akuttmottaka i helseføretaket som har gått i bresjen for å løfte kompetansen i sin seksjon. Eit av måla er å sørge for at alle tilsette er fagleg oppdatert. 
 - Vi er gjerne dei første pasientane møter, og vi veit aldri kva som møter oss. Når vi i tillegg er eit lite akuttmottak med til tidar låg bemanning, er det ekstremt viktig at fagfolka er kompetente, seier Isaksen.

I tillegg til at nærare halvparten av arbeidsstokken har spesialistutdanning, er det to som no har fått ei amerikansk sertifisering kjent som CEN, som står for "certified emergency nurse".  Kurset går over eitt år, og Trine Torset og Stian Frøseth Aae er dei første som blir sertifisert i Helse Midt-Noreg.  Frå før er det kun Helse Sør-Øst som har køyrt dette kurset.

 - Kurset er høgst relevant for akuttmottak fordi det tar for seg alt av medisinske akutt-tilstandar, slik at ein lærer å raskt kjenna att symptomar, handle ut ifrå symptomar og diagnose, og effektivt sett inn dei riktige tiltaka, seier Torset som nyleg har avlagt eksamen.

 - Først og fremst gjer eg dette for å utvikle meg som sjukepleiar og for å vere i stand til å ta imot dei sjukaste pasientane på ein best mogleg måte, seier Torset.

Hovudinstruktørar i AHLR

Ifølge seksjonsleiar Isaksen er dei tilsette svært positive til å auke fagkunnskapen sin gjennom kurs og vidareutdanning.
 - Folk er veldige aktive både nasjonalt og internasjonalt, seier Isaksen.

To av sjukepleiarane hennes bestod nyleg hovudinstruktørkurset i avansert hjarte- og lungeredning (AHLR), og har no moglegheit for å utdanne andre AHLR-instruktørar i helseføretaket.


En person i hvit frakk
Seksjonsleiar Elin Molvær Dybvik ved akuttmottaket i Ålesund

Prosjektmidlar til akuttmottaket i Ålesund

Litt lenger sør i fylket ligg eit anna akuttmottak som har fokus på kompetanseløft. Akuttmottaket ved Ålesund sjukehus ble nyleg tildelt 240.000 kroner i prosjektmiddel frå Helse Midt-Noreg for å auke kompetansen blant medarbeidarane i arbeidet med pasientsikkerheit.

 - Vår erfaring er at dei tilsette forstår prosessane og systemet der problem og feil oppstår. Men dei manglar ofte kunnskapen om systematisk tilnærming til kvalitetsarbeid som gjer at potensielle problemer kan identifiserast før feila oppstår, seier seksjonsleiar Elin Molvær Dybvik, som går på Nordisk forbetringsagentutdanning i regi av Pasientsikkerheitsprogrammet.

Prosjektet er no i oppstartsfasen, og ifølge Molvær Dybvik er målet å skape ein langsiktig kultur for forbetringsarbeid slik at dei kan bygge varige strukturar for pasientsikkerheit.
 - Men da må alle ha kjennskap til verktøykassa. Og det skal vi få til no, seier seksjonsleiaren.

I samme akuttmottak er eit prosjekt på tidlig identifisering av sepsis også i gong. Eivind Samstad, som er lege i spesialisering ved medisinsk avdeling, oppdaga at dette var noko akuttmottaket trengte å bli betre på. I tillegg er problemstillinga eit av satsingsområda nasjonalt i regi av Pasientsikkerheitsprogrammet.

 - Målet er å starte behandling for 90 prosent av pasientane innan ein time, seier Samstad.

Les også:
Gode tal i pasientbehandlinga - dårlegare tal for økonomien.
Blant landets beste på stråleterapi