Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny overordna organisasjonsmodell er klar

Adm.dir. i Helse Møre og Romsdal går inn for at klinikkane i helseføretaket skal vere organisert på tvers av sjukehusa, men at stadleg leiing skal tilleggast meir vekt enn det har hatt fram til i dag.

Publisert 31.03.2016

- Vi har ambisjonar både for pasientane og på eigne vegne. Ei organisering på tvers av sjukehusa legg betre til rette for kunnskapsdeling og standardisering av tenestene, noko som igjen reduserer variasjon, seier administrerande direktør Espen Remme i Helse Møre og Romsdal.

Han presiserer at ingen organisasjonsmodell er perfekt. Dei ulike løysingane har styrkar og svakheiter, og at det vil vere behov for å gjere tiltak for å få ut det beste av ein kvar modell.  I valet av en tverrgåande modell, er vektlegginga på stadlig leiing eit av tiltaka.

Avgjerda kjem som eit resultat av ei evaluering av organisasjonsmodell som blei gjort før jul i fjor. Der kom det tydeleg fram eit behov for å gjere grep i dagens organisering. I februar månad var det intern høyring på organisasjonen meinte om dette, og ein fekk inn 49 svar.

Samansetting av klinikkar

Med unntak av dei kirurgiske klinikkane, som har vore representert på kvart sjukehus, har helseføretaket frå 2012 og fram til i dag vore organisert på tvers av sjukehusa.

- Erfaringar frå dei som har jobba i klinikkar på tvers av sjukehusa i fleire år tilseier at det tar tid å få resultat, men gevinstane er merkbare både når det gjeld felles prosedyrar og fagutvikling, kvalitetsheving, kunnskapsdeling og læring, seier Remme.

Det blir også trekt fram at eit samla ansvar pr. fagområde oppfattast som eit betre utgangspunkt for å disponere og fordele fagressursar uavhengig av lokalisering.

- Geografi og historikk er to viktige element som påverkar evna som helseføretaket har til å framstå som ei heilskapleg verksemd. Likeverdet og heilskapen i tenestene er sentralt, og helseføretaket treng felles verdiar, haldningar og normer for å ta steget vidare mot ein meir samla og framtidsretta organisasjon, seier Remme.

Slik blir den overordna strukturen

Nytt organisasjonskart

  •  Klinikk for akuttmedisin
  • Klinikk for diagnostikk
  • Klinikk for kirurgi
  • Klinikk for barn, unge, kvinne
  • Klinikk for medisin
  • Klinikk for psykisk helsevern (PH) og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)

Ein ser føre seg ei organisering med færre sjølvstendige stabsavdelingar enn det ein har i dag. Føremålet er å sikre betre koordinering og disponering av ressursane i stabsavdelingane.

I utgangspunktet ser ein før seg fire avdelingar:

  • Avdeling for direktørens stab
  • Avdeling for fag
  • Avdeling for kompetanse og organisasjon
  • Avdeling for verksemdsstyring og økonomi

 

Nye leiarstillingar

Remme understreker at namn og angivingar både på klinikk- og stabsavdelingar ikkje er endelege.

Stadleg leiing

Sjølv om helseføretaket riggar seg for overordna organisering på tvers av sjukehus, så vil det vere auka vekt på stadleg leiing og koordinering for å sikre ein god pasientflyt ved kvart av sjukehusa.

- Vi må ta lokale omsyn, sikre eit godt samarbeid mellom sjukehusa samtidig som ein har god stadleg leiing. Det er eit av dei viktigaste tiltaka som må prioriterast og som vi må ha som følgje av ei tverrfagleg organisering. Vi må også sjølvsagt ta omsyn til det endelege signalet som kjem frå Stortinget gjennom våre styringsdokument, seier Remme.

På kva nivå denne funksjonen skal plasserast og kva mandat som ligg til denne, skal snarleg utgreiast som eige tema i OU-arbeidet.

Neste steg

Tidsline

Arbeidet med organisasjonsutviklinga er delt i to, og overordna organiseringa av klinikkar og stabsavdelingar er første del.

På noverande tidspunkt føreligg det ei vurdering på at ingen av dei noverande leiarstillingane på nivå 2 er å finne igjen i ny struktur. Administrerande direktør vil avgjere om nivå 2-leiarstillingene skal utlysast kun internt, eller både internt og eksternt, etter drøftingsmøta med dagens nivå 2-leiarar i månadsskiftet mars/april.

Ei ny leiargruppe blir danna i  april/mai. Endeleg avgjerd ligg til administrerande direktør, og ny organisasjonsmodell for heile helseføretaket vil vere på plass frå årsskiftet 2016/2017.

 

Publisert: 17.03.2016