Tilrår å bygge SNR med eit dagkirurgisk tilbod ved Kristiansund sjukehus

Adm. dir i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, legg tysdag 15.november fram si tilråding av konseptval for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Remme tilrår at styret i Helse Møre og Romsdal går inn for å bygge eit nytt felles akuttsjukehus på Hjelset og ombygging av eksisterande sjukehus i Kristiansund med eit dagkirurgisk tilbod.

Adm.dir Espen Remme legg fram si tilråding av konseptval for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
Adm.dir Espen Remme legg fram si tilråding av konseptval for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

– Vår oppgåve er å sikre befolkninga eit best mogleg tilbod og vi skal lukkast ved å spele på våre høgt kompetente fagmiljø i Molde og i Kristiansund. Bygging av eit moderne og framtidsretta akuttsjukehus på Hjelset og eit distriktsmedisinsk senter ved  Kristiansund sjukehus med tilbod om dagkirurgi, vil slik eg vurderer det gje det beste tilbodet for befolkninga, seier Remme

Presentasjonen frå pressekonferansen

DMS i Kristiansund

Det vert lagt opp til eit breitt desentralt dag- og poliklinisk tilbod i Kristiansund for å auke tilgjenge for befolkninga på Nordmøre, og for å legge til rette for nær samhandling med førstelinjetenesta i kommunane på Nordmøre. I lys av helsepolitiske føringar om desentralisering, meiner adm. dir. at oppdraget og konseptutgreiinga stemmer godt overeins.
– Eit desentralisert tilbod utanfor akuttsjukehuset er ei fullgod løysing for det medisinske tilbodet med tanke på kvalitet og pasienttryggleik. Dette vert mellom anna ivaretatt ved at personellet som jobbar anten på Hjelset eller i Kristiansund høyrer til same personellpool, seier Remme.

Roser medverkinga

Graden av medverking har vore stor i konseptfasen og Remme takkar alle som har bidrege i arbeidet.
– Trass i eit krevjande utgangspunkt har ein evna å kome fram til eit gode grunnlag for val av konsept. Eg vil rette ei stor takk til alle tilsette, brukarar, kommunar, samarbeidspartar, prosjektstyret og prosjektorganisasjonen.

Organisasjonsutvikling er avgjerande 

Helse Møre og Romsdal er inne i ein omfattande prosess med utvikling av organisasjonen. Remme er oppteken av at organisasjonsutviklinga i SNR må samkøyrast med den overordna prosessen i HMR.
– OU-arbeidet er ein av dei viktigaste suksessfaktorane for vidare arbeid i forprosjektet. Det er viktig at ein greier å realisere den faglege og kulturmessige samansmeltinga mellom fagmiljøa i Molde og Kristiansund, som ligg til grunn for vedtaket om fellessjukehuset, seier Remme.

Kvalitetssikring av konseptfasen

PwC som har vore eksternt kvalitetssikrar av konseptrapporten peiker på at det er gjort eit solid arbeid i konseptfasen. Samstundes trekker KSK opp fleire område som føretaket må utvikle framover for å lukkast betre i prosjektet og i føretaket.
– PwC framhevar at vi må utforske effektiviseringspotensialet  i prosjektet. Det inneber mellom anna driftsmessig omlegging, samspelet mellom SNR og revideringa av utviklingsplanen for føretaket og til sist effektar av standardisering, byggbarheit og industrialisering, seier Remme.

Vegen vidare

Tilrådinga frå adm.dir. blir behandla i styret i Helse Møre og Romsdal 25.november. Dei sender si tilråding til styret i Helse Midt-Norge som har styremøte 8.desember.
– For føretaket er det avgjerande at SNR-prosjektet held framdrifta, og får gjort dei naudsynte avklaringane som krevst for å gå inn i forprosjektfasen, avsluttar Remme.

Konseprapporten med delutgreiingar kan du lese her

Styresaka kan du finne i styringsadministrasjonen