Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ulik praksis ved registrering av tvangstiltak gir store utslag

Klinikk for psykisk helsevern og rus set no i gong eit arbeid med å granske tala.

Publisert 29.11.2016
Diagram, boblediagram

Saman med dei andre helseføretaka i landet, fekk Helse Møre og Romsdal ei innsynsbegjæring i tvangsprotokollane frå VG tidlegare i år. 

Etter at VG fekk utlevert protokollane har dei digitalisert informasjonen og satt tematikken på dagsorden.

Granskar tala

VG har tatt opp fleire problemstillingar knytt til registreringane i dei handskrivne tvangsprotokollane.

Ei av dei går på beltebruk, der Helse Møre og Romsdal blir trekt fram med ei mediantid på tolv timar, medan dei andre helseføretaka ligg på rundt tre timar.

- Vi kan ikkje la det etterlatte inntrykket vere at pasientar ligg tre gonger så lenge i belte i Møre og Romsdal som ellers i landet, seier klinikksjef Ketil Gaupset i Klinikk for psykisk helsevern og rus.

Klinikken setter no i gong eit arbeid med å granske tala.

- Det er viktig for oss at pasientane har eit godt tilbod i Helse Møre og Romsdal. Bruk av tvang som t.d. beltebruk skal vere eit verkemiddel som berre skal brukast  når pasienten er til fare for seg sjølv eller samfunnet rundt seg, seier adm.dir. Espen Remme som støttar klinikksjefen si vurdering på å gå nærare inn i talmaterialet.

Feilkjelder

Gaupset meiner det høge talet først og fremst beror på feilkjelder i registreringa. I Helse Møre og Romsdal blir bruken av tvang registrert på tre stader:  i den handskrivne tvangsprotokollen, i elektronisk pasientjournal og i dataverktøyet Klinisk arbeidsflate.

- Pasienten kan ha vore ute av belter utan at det er ført inn i dei handskrivne protokollane. Noko som gjer at ein får inntrykk av at det er ein samanhengande periode, seier Gaupset.

Han understreker at helseføretaket har eit forbetringspotensiale når det kjem til registreringa, og at bruken av tvang ikkje er noko ein tek lett på.

- Vi ønskjer å bruke det så lite som mogleg og berre når det er strengt nødvendig. Vi har jobba metodisk med undervisning og kompetanseheving både av behandlarpersonale og miljøpersonalet, og for nytilsette er tvangsbruk i del av opplæringa, understreker Gaupset.

Informasjon til pasientar og pårørande:


Kva skjer framover?

Tidlegare i år ble det satt i gong eit stort arbeid med etterregistrering av tvangsbruk, og prosedyrene for korleis ein registrerer tvangsbruk er sidan blitt forbetra.

- Det vi ser er at tal registreringar fram til no i 2016 er høgare enn i 2014 og 2015 grunna økt fokus på registreringsrutinar, seier Gaupset.

Samstundes er det sett i gong eit arbeid i Helse Midt-Norge for å få på plass ei teknisk løysing som kan erstatte dei handskrivne tvangsprotokollane.

- Vi har fått signal om at løysinga vil vere på plass i løpet av neste år, og det vil truleg eliminere dei manuelle feilkjeldene ved registrering av tvang, seier Gaupset.

Tekst