Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ventetida er no nede i 59 dagar

Økonomien er fortsatt krevjande, men helseføretaket ser ei positiv utvikling.

Publisert 02.05.2016

En gruppe mennesker som sitter ved bordene
Gjennomsnittleg ventetid for behandla pasientar er no nede i 59 dagar, noko som er ein reduksjon på 35 dagar i forhold til same tidsrom i fjor.

Helseføretaket har også god måloppnåing i arbeidet med pakkeforløp for kreft. Erfaringar med disse pakkeforløpa viser også at det gir betre logistikk og samhandling internt mellom sjukehusa i føretaket og mellom helseføretaka.

- Vi har hatt store utfordringar ved fleire av sjukehusa når det gjeld utskrivingsklare pasientar. Det har vore så høgt at det påverkar kapasiteten til sjukehusa og beredskapen vi skal ha. Men vi har hatt ein god dialog med kommunane om dette, sa administrerande direktør Espen Remme under onsdagens styremøte.

Positiv utvikling

Den økonomiske situasjonen er fortsatt krevjande, men helseføretaket ser ei positiv utvikling, sjølv om budsjettavvika framleis er negative.

I mars viser regnskapsavvik mot budsjett eit resultat på -4,2 millionar kroner. Forbruket er framleis for høgt til at ein har klart å nå balanse, men ein har klart å redusere innleie og overtid samanlikna med fjoråret.

- Vi er overtydde om at resepten vi har foreskrive er riktig, men det tar tid. Vi må tåle nokre variasjonar i dei månadlege økonomiske resultata, sa Remme.

- Styret merker seg gode resultat på mange indikatorar, og støttar administrerande direktør sitt arbeid med organisasjonsutvikling og kontinuerleg forbetring, og ber om at arbeidet intensiverast. Styret ber adm. Dir om å jobbe med realisering av tiltaka, kommenterte styreleiar Kinserdal.

Færre sjukehusinfeksjonar

Eit lyspunkt er talet på sjukehusinfeksjonar, der målet for 2016 er 4,7 prosent. I første kvartal ligg ein no på 3,5 prosent mot 5,2 prosent i fjor.

- Det er gledeleg, spesielt når ein ser på mangelen på sjukehusisolat og at det har vore godt belegg. Det blir viktig å løfte fram der det fungerer, og også få til det same andre stadar, kommenterte styremedlem Lekve.

Les også: - Vi har alt å tene på å jobbe godt med stadleg leiing