- Må ta fleire grep for å snu økonomien
Juni og juli har vært to svært utfordrande månader økonomisk sett for Helse Møre og Romsdal, og adm.dir Espen Remme er svært uroa over utviklinga.
Resultatet i juni var 15,9 mill. kroner bak resultatkravet og juli var 19,8 mill. kroner bak kravet.
Trenden med auka kostnader knytt til medikament held fram i sommarmånadene, og i tillegg har kostnadene knytt til bemanning vore langt høgare enn planlagt. Juni og Juli blir planlagt med ein lågare aktivitet enn for dei vanlege driftsmånadene, men med ei bemanninga for å ivareta beredskap ved sjukehusa.
- Det er viktig å stoppe kostnadsutviklinga så raskt som mogleg, og det er innanfor lønsområdet vi først og fremst intensiverer tiltaka no. Føretaket vil gå enda tydelegare inn å sikre omstilling i dei einingane som har størst utfordringar, men held samstundes fram med tiltaka som blei skissert før sommaren, seier adm. dir. Espen Remme.
Opprettar økonomiske innsatsteam
Helseføretaket opprettar økonomiske innsatsteam som blir sett inn som strakstiltak med månadleg oppfølging av kvar klinikk. I tillegg blir det innført skriftlege leiaravtalar på alle nivå.
I denne og neste veke er det innkalla til sjukehusvise møte med alle leiarane i føretaket for å sikre at ein i fellesskap skal klare å snu den økonomiske utviklinga.
- Inngangsfarta til 2018 bør reduserast elles vil føretaket pådra seg underskot også i 2018. Dette betyr i realiteten at bemanningsnivået i føretaket må ned på minst same nivå som i 2015, seier Remme.
Remme er overtydd om at ein i fellesskap vil klare å snu utfordringsbilde, men det krever ein større gjennomføringsgrad og eit samspill i heile organisasjonen.
I planlegginga for 2018 må ein også planlegge meir ut frå føretaksperspektivet og gå inn i følgjande:
- Sjå fagmiljø, funksjonar og pasienttilbod samla for alle pasientar i Møre og Romsdal
- Arbeide i klinikkane med definerte satsingsområde frå utviklingsplanen, som til dømes «akuttmedisinsk kjede», «pasientstraumar og kapasitet», «dagkirurgi», «samhandling», «PCI», «ambulante tenester» m.v.
- Identifisere, tolke og ta konsekvensen av utviklingsdrivarar; Kva områder vil kome til og utvide seg – kva område må vi då prioritere ned.
Les heile saksfremlegget til styret her.