Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Først i Noreg med spesialistutdanning for legar innan rus- og avhengigheit

- Ein stor milepæl for oss, seier avdelingssjef Kari Remø Nesseth.

Publisert 15.05.2017
F.v: Kari Nesseth (avdelingssjef), Aase Grebstad (overlege), Erig Schistad (LIS-lege), Chyntia Torday (LIS-lege), Mariann Leikanger (overlege) og Michael Aaen (LIS-lege).

​Ålesund behandlingsenter er fyrst ut i landet med spesialistutdanning innan rus- og avhengigheitsmedisin for legar.

- Dette er ein stor milepæl og noko vi har arbeidd med over svært lang tid. Vi er svært stolte over å ha vere fyrst ut på dette feltet, seier avdelingssjef Kari Remø Nesseth ved Avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling i Helse Møre og Romsdal.

Lagt til rette over fleire år

Spesialiseringsløpet for legar  i rus- og avhengigheitsmedisin går over minimum fem år, der 3,5 år utgjørast av teneste innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).

Per i dag er Ålesund behandlinggsenter einaste institusjonen som er godkjent som utdanningsinstitusjon innan TSB for 3,5 år. I tillegg til tre overlegar som er spesialistar i rus- og avhengigheitsmedisin, har dei per i dag fire legar i spesialiseringsløp og ei som allereie er ferdig med TSB-delen.

- Eg trur mykje av grunnen til at vi er først ute, er at vi har drevet som om vi har vore ein utdanningsinstitusjon over fleire år. Vi starta allereie i 2012 og la til rette for dei som ville bli russpesialistar på sikt. For vi visste at spesialiseringa ville kome, seier Nesseth.

Positivt for rekruttering av legar

Nesseth ser også klare fordeler av å vere ein utdanningsinstitusjon når det gjeld rekruttering, og ikkje minst er det positivt for pasientane.

- Hadde ikkje rusfaget blitt ein legespesialitet, hadde vi ikkje klart å rekruttere. No framstår vi som ein mykje meir attraktiv arbeidsgivar og det har mykje å seie for pasientane også. Vi har ein stabil arbeidsstokk og pasientane får møte dei same legane i behandlingsløpet sitt, seier Nesseth.

Rusreforma trådte i kraft i 2004 og spesialisthelsetenesta fekk då ansvaret for behandlinga av pasientar med ruslidingar. 

Viktig med tverrfagleg kompetanse

Samtidig vart det oppretta eit tredje spesialisthelsetenesteområde: tverrfagleg spesialisert rusbehandling, likestilt med somatikk og psykiatri. Ein hadde altså eit nytt spesialistområde, men ingen legespesialistar.

- Tidligare var det antatt at legetenesta innan rusfeltet i tilstrekkelig grad kunne dekkes av psykiatrar, indremedisinarar og allmennlegar. Trass i aukt fokus på kompetanseheving blant legar i rusfeltet, var det framleis vanskar med rekrutteringa, i tillegg til stor gjennomtrekk i legestillingar. Ein klarte ikkje å bygge opp eit godt nok medisinsk fagnettverk i rusinistitusjonane. Ein såg aukande behov for eigne russpesialistar med moglegheit for aukt fokus på både somatiske og psykiske lidingar i tillegg til rusavhengigheit. Tverrfagligheita er god å ha i denne spesialiteten, seier Nesseth.