Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Held fast på strategien

Eit uføresett dårleg resultat for mars låg som bakteppe då styret i Helse Møre og Romsdal skulle behandle statusrapport og langtidsbudsjett i dagens møte. Eit negativt avvik på 28,2 millionar i mars, og totalt 35,9 millionar for dei tre første driftsmånadane har skapt uro internt og eksternt.

Publisert 10.05.2017
Sist oppdatert 03.10.2017
Styremøte i Helse Møre og Romsdal i mai 2017

- Det er aldri moro å få ein rapport som er overraskande, og den vil sette spor framover dette året. Men eg er veldig einig med dei som seier at vi ikkje er tent med å endre strategi, seier styreleiar Stein Kinserdal.

Han meiner også at funksjonsdeling og struktur må bli knytt til utviklingsplanen, SNR og andre prosessar.

- Eg har aldri sett at nokon blir hjelpt av å få panikk, men vi må levere på botnlinja. Det er frykteleg lett å tenke at det å inndra fullmakter og å styre frå sentralt nivå er svaret. Dette må handterast med finesse. Om vi seier at desentralisering av mynde og ansvar for å drive godt er svaret, så må vi vise det også i dei dårlege tider, seier styreleiaren.

Må ha handlekraft

- Vi er i ein alvorleg situasjon, og arbeider hardt for å få orden i økonomien slik at vi har handlekraft, seier adm.dir Espen Remme men legg til at sjølv om mars-tala er dårlege så er det mykje som går rett veg.

Remme trakk fram at helseføretaket i det store bildet leverer gode kvalitetstal, og at det er mange forbetringsprosjekt i organisasjonen. Organisasjonsutviklingsarbeidet som har gått gjennom 2016 og 2017 er i sluttfasen, og det teiknar ifølge direktøren, godt for ei positiv utvikling framover.

- Det er viktig å bevare roa og ha tru på den langsiktige strategien, sjølv om vi set inn strakstiltak. Eg trur på at føretaket må byggast, og vi må gjere det saman. Skal vi skape endringar i ein kunnskapsorganisasjon må vi arbeide med kultur, leiarskap og kontinuerleg forbetring, seier Remme.

 

Overraskande marsresultat

Mange i styret uttrykte at mars-tala var overraskande, også styremedlem Svein Anders Grimstad.

- Eg trudde det gikk vegen, men vi kan ikkje miste hovudet no. Vi må halde retninga på det gode arbeidet som er satt i gang, sa Grimstad. Han peikte på ei tiltaksoppnåing som er på 57 prosent og meinte det var for dårlig.  Grimstad sa også at målet må vere å få sjukefråveret stabilt lågare enn i dag, der berre ein prosent ned vil utgjere mange millionar.

 

- Dette er ein nedtur som organisasjonen tek innover seg. Risikoen er at ein får demotiverte og resignerte tilsette, sa tilsettrepresentant Anette Lekve. Ho meinte at organisasjonsutviklingsprosessen har gitt slitasje og uavklarte situasjonar for mange, men at det meste snart er på plass.

- Organisasjonen må ha ro for å hente ut effektar, sa Lekve.

 

Nestleiar Petter Bjørdal hadde tenkt å fremme forslag om å få ei analyse av det som har skjedd, men informasjon frå administrasjonen gjorde det overflødig.

- Eg trur på retninga frå administrerande direktør. Styringsverktøyet KPP og samanlikningar internt er veldig rett å gjere, for det er lett å sjå seg blind på det ein gjer sjølv, sa Bjørdal. Han trakk også fram at HMR er ein stor og kompleks organisasjon med mange nye leiarar, og at styret må ha tålmodigheit slik at desse får komme inn i jobben.