Leiar for arbeidet med det barnemedisinske tilbodet er klar

Barnelege Marianne Nordhov skal leie arbeidsgruppa som skal evaluere dagens driftsmodell i Nordmøre og Romsdal, og greie ut framtidig organiseringa av pediatrien i heile helseføretaket.

Lege og gutt på sjukehus
Foto Colourbox.com

- Gjennom jobben i barnelegeforeninga har eg sett mange ulike fasettar av pediatrien, og dette tek eg med meg inn i arbeidet. Denne oppgåva blir både utfordrande og fagleg interessant, seier Nordhov

Barnelege frå UNN

Barnelege Marianne Nordhov (f. 1967) er utdanna ved universitetet i Tromsø, og sidan 2001 har ho vore overlege ved barne- og ungdomsklinikken ved Universitetssykehuset i Nord-Norge (UNN). For tida har ho permisjon frå stillinga ved UNN for å arbeide som overlege ved nyfødtintensiven ved Rikshospitalet. Nordhov tok doktorgrad i 2011, og var leiar av Norsk barnelegeforening frå 2011 til 2013.

 

Marianne Nordhov, foto UNN
Marianne Nordhov, foto UNN

 

Barnelegen har følgt med diskusjonane i Møre og Romsdal på avstand, og har ingen detaljert kunnskap om situasjonen - noko ho tenker kan vere ein fordel.

- Når alle medlemmane i gruppa er klar vil vi samlast og første oppgåve er å innhente informasjon om drifta, seier den nyoppnemde leiaren.

Om oppdraget

I styremøtet 15. mars fortalde klinikksjef Henrik Erdal korleis helseføretaket vil organisere planlegginga av det barnemedisinske tilbodet som ein del av utviklingsplanarbeidet i 2017. I møtet slo også Erdal fast at helgestengingsmodellen er uaktuell som driftsmodell, og den er derfor ikkje teke med vidare i planlegginga.

Starter planlegginga av det barnemedisinske tilbodet i HMR

Klinikksjef Henrik Erdal
Klinikksjef Henrik Erdal

Gruppa skal rapportere til administrerande direktør, og vil vere breitt samansett med pediaterar frå Kristiansund, Ålesund, St. Olav i tillegg til leiaren frå UNN. Det skal også vere med sjukepleiarar, fastlegar, brukarrepresentant og tillitsvalde.

 

Forslag til samansetting av arbeidsgruppe

 

- Gruppa kan også ved behov ta inn representasjon frå anestesiologi, prehospitale tenester, fødselshjelp eller andre aktuelle samarbeidande fagmiljø i helseføretaket, seier Erdal.

Sjølve mandatet

Mandatet er i hovudsak to-delt, men gruppa skal starte med å beskrive dagens situasjon i det barnemedisinske tilbodet i Helse Møre og Romsdal. I det ligg det også at dagens tilbod innan barnekirurgi og samhandlinga med legevakt og kommunane må konkretiserast.
- Evalueringsrapporten vil vere eit viktig grunnlag for val av driftsform for perioden frem til SNR står klart, for planleggingsarbeidet av SNR  og for utviklingsplanen i helseføretaket, seier adm. dir. Espen Remme.

Kvalitetssikring av arbeidet skal utførast i tråd med avtalen med ekstern kvalitetssikrar av Helse Midt-Norge RHF.

Les heile dokumentet her


Utdrag frå mandatet

Evaluere dagens driftsmodell innan pediatri i Nordmøre og Romsdal

Arbeidsgruppa bes om å evaluere og risikovurdere eksisterande driftsmodell (4⅔ døgn full kapasitet, 2⅓ døgn redusert kapasitet), som har vore i drift sidan april 2015. Evalueringa skal ta omsyn til brukarar, folkehelseperspektiv, likeverdig tilbod, fag, rekruttering, pasienttryggleik, drift, ressursutnytting og konsekvens for andre medisinske fagmiljø ved sjukehusa i Kristiansund og Molde, samt samarbeid med pediatrien ved Ålesund sjukehus og St. Olav hospital.

Evalueringsrapporten vil vere eit viktig grunnlag for avgjerder knytt til vidare driftsform i interims-perioden frem til SNR står klart, og for planleggingsarbeidet av SNR  og utviklingsplanen i HMR.

Utgreiing framtidig driftsmodell pediatri for Helse Møre og Romsdal

Arbeidsgruppa bes, på grunnlag av evalueringsrapporten og sentrale føringar, å skissere ønskja utviklingsretningar for pediatrien og vurdere framtidige driftsmodellar.
I utgreiinga inngår mellom anna ei samanlikning med andre relevante pediatriske fagmiljø i Norge. Aktuelle modellar må også ta omsyn til forholda som er nemnd under evalueringa. Driftsmodellane skal ROS-analyserast og inkludere forslag til eventuelle kompenserande tiltak.
Utgreiinga skal danne eit fagleg grunnlag for val av framtidig driftsmodell, og vil vere eit viktig råd for avgjerda.

Mandat for denne delen av arbeidet kan bli presisert/justert basert på innhaldet i evalueringsrapporten.