Økonomisk nedtur i mars
Helse Møre og Romsdal har store negative tal for drifta i mars månad, noko som gjer det nødvendig å sette i verk tiltak for å sikre fagleg tilbod og økonomisk berekraft.
Svikt i inntekter og auke i kostnader
Helse Møre og Romsdal har ei svært negativ utvikling i det økonomiske resultatet for mars månad. Utviklinga er spesielt knytt til lågare inntekter, høgre medikamentkostnadar, avvik i varekostnader og meirkostnader knytt til drift av lokala, reparasjonar og vedlikehald. Kostnadar knytt til lønn viser ikkje store negative avvik, men likevel ser helseføretaket at dei framleis veks i bemanning.
Avviket i mars er på 26,8 mill. kroner og hittil i år på 35,9 mill. kroner. I avviket frå mars utgjer mellom anna medikamentkostnader heile 9, 2 millionar, andre driftskostnadar utgjer 5,2 millionar, avvik lønn er på 3, 2 millionar og svikten i inntekter er på 5 millionar.
Intensiverer tiltak
Resultat for mars gjer at administrerande direktør med leiargruppe ser det som heilt nødvendig å sette i verk tiltak for å sikre fagleg tilbod og økonomisk berekraft, og saken blir lagt fram for styret den 9. mai.
– Den negative utviklinga påverkar handlefridomen til føretaket. Vi må no sette i verk tiltak med umiddelbar og forsterka verknad både innanfor planlagde investeringar og i ordinær drift, seier adm.dir. Espen Remme i Helse Møre og Romsdal.
Helseføretaket går også grundig inn i tala for å sjå om noko av auken i kostnader og nedgangen i inntekter er ein trend som ein også kan vente for månadane framover.
– Saman med leiargruppa har eg drøfta korleis vi raskt kan bremse kostnadsveksten, og vi er einige om å skjerme pasientbehandlinga så langt som råd, seier Remme som også er oppteken av å ikkje signalisere eller planlegge tiltak som tilsynelatande skal gje effekt, men som på sikt kan vere fordyrande.
I tillegg til å auke trykket på eksisterande tiltak (sjå opplisting under), vil helseføretaket også prioritere innføring av verktøyet KPP (kostnad per pasient). KPP-tal er knytt til personalforbruk, varekostnad og liggetid, og gir informasjon om kvar det er mogleg å hente ut standardiseringseffektar og økonomiske effektar. I tillegg må arbeidet med utviklingsplanen synleggjere kva tenesteområde som bør prioriterast i åra framover, og dette kan vere både innhaldsmessige og strukturelle forhold. Vidare må helseføretaket intensivere arbeidet med å førebu dei tilsette ved sjukehusa i Molde og Kristiansund på å bli eitt fagmiljø fram mot realiseringa av SNR.
Må nå ut i heile organisasjonen
Sjølv om den driftsøkonomiske utviklinga er urovekkande, trekk også direktøren fram at helseføretaket i det store bildet leverer gode tal på aktivitet og kvalitet.
– Det blir gjort mykje godt forbetringsarbeid både av leiarar, helsepersonell og støttepersonell i verksemda vår allereie, og vi er opptekne av at helsepersonellet skal lykkast i møtet med pasienten, seier Remme. Samstundes er han tydeleg på at helseføretaket er avhengig av å ha med leiarar og medisinsk personell for at ein saman kan nå å målet i det langsiktige omstillingsarbeidet.
– Helseføretaket har gjennomført eit større og omfattande organisasjonsarbeid i 2016 og 2017, og arbeidet er no på det næraste ferdig, noko som teiknar godt for utviklinga framover, seier direktøren.