Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tøff sommar i ungdomspsykiatrien

Mangel på kompetent personell ga fleire avviksmeldingar i juni og juli.

Publisert 07.09.2017
Ungdomspsykiatrisk sengepost i Ålesund
Hovudinngangen til Ungdomspsykiatrisk sengepost i Ålesund.

​Driftssituasjonen ved ungdomspsykiatrisk sengepost (UPS) i Ålesund var i juni og juli svært utfordrande, noko som resulterte i fleire interne avviksmeldinger. 

Kontrollkommisjonen kom på eit av sine jamlege besøk i juli, og dei varsla då Fylkesmannen om to konkrete hendingar.

- Kombinasjonen av manglande behandlarkapasitet, ikkje tilgjengelege ekstravaktar blant miljøterapeutane og høgt belegg på sengeposten med fleire komplekse sjukdomsforløp førte til ein kritisk driftssituasjon i sommar. Det er uheldig at dette fekk konsekvensar for pasientbehandlinga, seier avdelingssjef Manuela Strauss i Psykisk helsevern for barn og unge.

Avdelingssjef Manuela Strauss

Avdelingssjef Manuela Strauss

Avvik

Det eine avviket gjaldt overføring av ein ungdom til vaksenpsykiatrisk avdeling, medan det andre avviket gjaldt ulovleg bruk av tvang mot ungdom under 16 år, det vil seie isolasjon bak lukka dør.  

- Dette skal ikkje skje, seier Strauss og understrekar at dei har følgt opp pasientar og pårørande i kjølvatnet av hendingane.

Avdeling for psykisk helse barn og unge består av fire poliklinikkar og ein døgnseksjon i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen i Ålesund, med sine ti akutte sengeplassar, står for om lag fem prosent av den totale pasientbehandlinga i avdelinga.

Mangel på personell

Strauss erkjenner at til tross for at det toppa seg i sommar, har det vore andre tilsvarande avvik tidlegare i år.

- Vi har gått grundig gjennom dei konkrete tilfella der dette har skjedd og ser at felles for hendingane er fleire ressurskrevjande pasientar i kombinasjon med mangel på personell. Ut frå situasjonen som har oppstått har dette blitt vurdert som einaste utvegen for å sikre forsvarleg praksis, tatt i betraktning den fysiske tryggleiken både for pasienten sjølv, medpasientar og personalet. Dette er ingen unnskyldning, men ei forklaring på bakanforliggande forhold, seier Strauss.

I styremøtet 30. august orienterte Strauss og klinikksjef Henrik Erdal i Klinikk for kvinner, barn og ungdom om situasjonen i avdelinga, og det som ble trekt frem som ei krevjande problemstilling er mangelen på kvalifisert personell, og da spesielt overlegar og psykologspesialistar,  samt tilgang til nok miljøterapeutar.

Plan for vidare drift

Døgnseksjonen blir i løpet av hausten styrka med fleire miljøterapeutar. I tillegg er det satt i verk ein umiddelbar plan for seksjonane i Ålesund som inneber at døgnseksjonen får ressursar frå poliklinikken.

- Det siste er ikkje ei langsiktig løysing, då dette vil auke ventetidene for pasientane på poliklinikken, seier Strauss.

Med dei store utfordringane knytt til rekruttering av kompetent personell, ser Strauss at ei langsiktig løysing er å utdanne eigne spesialistar.

- Vi har legar som er under spesialisering no, og som kan gå inn i overlegestillingar etter kvart. Neste sommar håper vi at det ser lysare ut, seier Strauss og understrekar at det viktigaste er at pasientane skal føle seg trygge når dei får behandling, enten det er poliklinisk eller døgnbehandling.

Nasjonalt arbeid på gong

Avdelinga er med i et nasjonalt pilotprosjekt som utviklar nasjonale kvalitetsstandardar for ungdomspsykiatriske akuttinstitusjonar.

- Det er under 20 ungdomspsykiatriske sengepostar i Noreg med samme oppdrag.  Vi ser vi har ein veg å gå, både på kapasitet, kompetanse og organisering, og derfor er det så viktig med den nasjonale dialogen slik at vi kan lære av kvarandre og bli betre, seier Strauss.


FAKTA OM UNGDOMSPSYKIATRISK SENGEPOST (UPS) I ÅLESUND

  • 10 senger
  • 4 behandlarstillingar, berre 2,6 tilsett per i dag
  • 21 miljøterapeutstillingar


FAKTA OM PSYKISK HELSE BARN OG UNGE

  • Opptaksområde: 58 000
  • Fire poliklinikkar i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund
  • Døgntilbod i Ålesund (akutt- og utredningseininga) og Molde (familieterapeutisk dagbehandling)
  • 121 innleggingar hittil i år, fleire innleggingar kan vere knytt til samme pasient
  • Samla 2435 aktive polikliniske pasientar, og 1240 nye tilvisningar hittil i år