Psykisk helse i fokus i Volda

Temaet psykisk helse og rus engasjerte i styremøtet i Volda i dag.

Styret besøker DPS Volda, og seksjonsleiar for døgnbehandling Grete Ryste Flåskjer (til venstre)
Grete Ryste Flåskjer (t.v) i DPS Volda tok imot og fortalde om organiseringa av det Distriktspsykiatriske senteret og samarbeidet med kommunane.

Fleire gonger i løpet av denne dagen i Volda kom styret innom tematikken. Først gjennom besøket i det Distriktsmedisinske senteret (DPS), deretter i orienteringa om ambulante team på Søre Sunnmøre og til slutt i saken om helseføretaket sin plan for å innfri "Den gylne regel".

Brukarstyrte senger

Seksjonsleiarane Hallgrim Myklebust og Grete Ryste Flåskjer i DPS Volda fortalde om organiseringa og tilbodet dei gir ved Volda DPS, pasientflyten og samarbeidet med kommunane.

- Dei brukerstyrte sengene er eit lavterskeltilbod i spesialisthelsetenesta der pasienten kan leggast inn utan å gå om fastlege eller legevakt. Pasientundersøkinga viser at pasientane vurderer at brukarstyrt innlegging er eit godt tilbod, fortalde Flåskjer.


Behandlar pasienten heime

Ottar Røyset, seksjonsleiar for ambulante tenester i DPS Volda, var invitert inn i styret for å gi eit innblikk i heimebehandling av psykisk sjuke pasientar på Søre Sunnmøre og kva erfaringar dei har frå arbeidet.


- Årsaken til ei psykose ligg ofte i omgivnadane og blir løyst ut av forhold som kan vere knytt til økonomi, relasjonar og samliv. Når vi kjem heim til ein pasient kan vi sjå slikt i mykje større grad enn om pasienten kjem inn på kontoret til oss. Det er altså ei verdifull verktøykasse for oss å komme heim til pasienten, seier Røyset.

Seksjonsleiar Ottar Røyset fortel om dei ambulante teama på Søre Sunnmøre.
Seksjonsleiar Ottar Røyset fortel om dei ambulante teama på Søre Sunnmøre.

«Den gylne regel»

Kravet frå helseministeren og frå Helse Midt-Norge er at det skal vere høgare vekst innan psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling enn innan somatikken. Dette kravet blir omtala som Den gylne regel. Planen som blei lagt fram i møtet skal viser korleis Helse Møre og Romsdal skal arbeide med dette i 2018.

- Dette er ein av dei viktigaste helsepolitiske prioriteringane frå helseministeren, og den har stått sidan 2014. Det er stor politisk utålmodigheit om å få dette til, innleia Nils Kvernmo etter at planen var presentert.

Han peika på at resultatet så langt viser at det blir krevjande å få til. 
- Det viktigaste for pasienten er å få til ein større aktivitetsvekst og ein positiv ventetidsutvikling. Vi må legge enda større kraft i dette enn vi har klart så langt. Vi kan ikkje rapportere at vi ikkje får det til. 

Kvernmo informerte også om at det vil komme eit regionalt intiativ for å sikre eit samarbeid mellom helseføretaka på dette området.


Under kan du sjå bilder frå styret si besøksrunde på sjukehuset i Volda.  

Mork rehabiliteringssenter var første stoppestad på morgonen, og der ga seksjonsleiar Anita Myklebust Nybø ei omvisning for styret (manglar bilde).

Overlege Jon Hjorthaug fortalde om korleis dei arbeidar med operasjonsflyt i Volda.
Overlege Jon Backer Hjorthaug fortalde om korleis dei arbeidar med operasjonsflyt i Volda.

Heide Grimstad fortalde styret om gode kvalitetstal og korleis dei arbeider aktivt med å forbetre arbeidet sitt.
Heide Grimstad fortalde styret om gode kvalitetstal og korleis dei arbeider aktivt med å forbetre arbeidet sitt.


Seksjonsleiar Grete Flåskjer fortel om poliklinikk, ambulant team og døgnbehandlinga ved DPS i Volda.
Seksjonsleiar Grete Flåskjer fortel om poliklinikk, ambulant team og døgnbehandlinga ved DPS i Volda.