Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ser på både traumesystem og akuttkirurgi i oppfølginga av utviklingsplanen

I september starta arbeidet med å sjå nærare på to viktige tema for helseføretaket: Revisjon av traumesystemet i HMR og vurdering av akuttkirurgisk vaktordning for pasientar tilhøyrande Volda sjukehus.

Publisert 16.10.2018
Sist oppdatert 05.10.2020
Arbeidsgruppa, fagdirektør og klinikksjefar for kirurgi og akuttbehandling.
Gruppa var samla i sitt første møte 4. oktober 2018. Bildet viser medlemmar i arbeidsgruppa, fagdirektør og klinikksjefar for kirurgi og akuttbehandling.

Organisering av traumesystemet

Cirka 20 fagfolk var samla for å starte arbeidet med revidering av Helse Møre og Romsdal sitt traumesystem sett opp mot ny nasjonal traumeplan som blei innført i 2017. Oppdraget kom i Utviklingsplanen for 2019 – 2022, og den breitt samansette arbeidsgruppa skal legge fram ei anbefaling om organisering innan 1. april 2019.

Nye krav 

For å sikre best mogleg skadebehandling av hardt skadde pasientar, pliktar helseføretaket å ha eit tydeleg og oppdatert system for å handtere traume. Dagens prosedyrer er frå 2014, og dei siste åra har det skjedd endringar som påverker desse. Noko av dette er:

  • Nasjonal Traumeplan blei innført i 2017, og har krav som verker inn på HMR.
  • SNR er vedtatt, og prosessen med bygging og ny organisasjonsstruktur er i gong.
  • Karkirurgi, mamma-/endokrinkirurgi skal samlast.
  • Fagmiljø og kompetansen i sjukehusa er i endring, og status for dei ulike sjukehusa i HMR må sjåast opp mot krava som blir stilt i Nasjonal Traumeplan.
  • Regional og lokal utviklingsplan
  • HMR sin krevjande økonomisk driftssituasjon gjer også at det er behov for ein gjennomgang av korleis ein nyttar ressursane best mogleg.

Les heile mandatet for arbeidet her.

Medlemmar i arbeidsgruppa
​NamnRolle​​Stilling
​Bent-Åge Rolandsen Leiar ​​Regional traumeansvarlig lege HMN
​Else Kari HeggemMedlem​Traumekoordinator Molde/akuttmottak
Erlend Arne Bae​Medlem ​Traumekoordinator Volda/akuttmottak
​Georg Nikolai JohnsenMedlem​Anestesilege, Molde
​Hans Olav OseMedlemBeredskapsleiar, HMR
Ingbjørn Vestre​Medlem​Anestesilege, Ålesund + AMK og Luftambulansetenesta
​Inge LodeMedlem​Avdelingssjef radiologi, Ålesund og Volda
​Jon Backer HjorthaugMedlem​Gastrokirurg, Volda (traumeutvalgsleiar)
​Jon Erik StorvikMedlem​Traumekoordinator Ålesund/akuttmottak
​Kenneth KlemetzenMedlem​Gastrokirurg, Molde (traumeutvalgsleiar)
​Kristin MartinussenMedlem​Controller, Økonomiavdelinga HMR
​Lars Erik SjømælingMedlem​Avdelingssjef, Prehospitale tenester HMR
​Lars Martin RekkedalMedlem​Avdelingssjef, kirurgiske legar HMR
Odd Arne Haram​Medlem​​Avdelingssjef radiologi, Molde og Kristiansund
​Peter TolnaiMedlem ​Anestesilege, Kristiansund
​Rune HeggedalMedlem​Avdelingssjef, anestesilegar HMR
​Siw Andrea TodalMedlem​​Traumekoordinator Kristiansund/akuttmottak
​Torben WisborgMedlem​Nasjonal kompetansetjeneste for traumatologi, anestesiolog
​Tor-Johannes Stray SlørdahlMedlem​Ortoped, Ålesund (traumeutvalgsleiar)
​Trine KvalheimKommunikasjonsstøtte​Kommunikasjonsdirektør
​Unni Irene Arnestad​Sekretær​Kvalitetsrådgiver, Fagavdelinga HMR
​Øystein Bjerkestrand Lian​MedlemOrtoped, Kristiansund (traumeutvalgsleiar) ​
​Øyvind Sandnes​ Medlem​ Gastrokirurg, Ålesund

Innan april 2019 skal arbeidsgruppa gi eit fagleg råd som leggast fram for styringsgruppa der også tillitsvalde og vernetenesta er representert. Vidare vil fagdirektør legge saka frem for leiargruppa i HMR, og adm.dir. vil ta den vidare til styret i helseføretaket.

 

Vurderer akuttkirurgisk vaktordning for pasientar tilhøyrande Volda sjukehus

Samstundes er det ei anna arbeidsgruppe som skal vurdere den akuttkirurgiske vaktordninga ved Volda sjukehus. Arbeidsgruppa, som er breitt representert med fagfolk frå både Volda og Ålesund sjukehus, har per no hatt to møte der dei har samla inn data for å belyse dagens situasjon.

Hensikta med arbeidet er å sjå på risiko, kvalitet og helsetilbodet på Sunnmøre med dagens ordning, og ved ei eventuell endring av dagens ordning.

Per i dag har Volda sjukehus akuttkirurgisk vakt frå måndag kl 08 til fredag kl 16, med beredskapsvakt for inneliggande pasientar på helg.

Arbeidsgruppa skal utgreie og skissere ulike løysingar, med særleg vekt på styrker og svakheiter. For alle alternativa skal ein vurdere kvalitet, økonomi, risiko for fag og pasientar. Gruppa skal også sjå på utnyttinga av prehospital teneste i desse alternativa.

Målet er at gruppa skal ferdigstille arbeidet og legge dette fram for klinikksjef for kirurgi i november/desember 2018. Basert på utgreiinga skal klinikksjefen legge fram ei sak for adm.dir. og leiargruppa i HMR.