Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

DOKTORGRAD

Moderne totalprotesar i kneleddet - design og kirurgiske teknikkar

Frank-David Øhrn, ortoped ved avdeling for kirurgi, Kristiansund (SNR) disputerte 8. April 2022 på emnet totalproteser i kneleddet. Øhrn har vært ph.d.-kandidat ved Institutt for nevromedisin og bevegelsesvitenskap, NTNU.

Publisert 21.04.2022

Frank-David Øhrn blomsteroverrekkelse

Samandrag av avhandlinga:
Inngrepet totalprotese i kneleddet har gjennomgått ein evolusjon dei siste tiåra. Frå å vera ein kirurgisk prosedyre for dei få, er det no eit av dei mest utførte inngrepa i verda. Frå å vera eit inngrep som kravde to vekers innlegging på sjukehus, eller meir, varer sjukehusinnlegginga no berre 1-2 døgn. Totalprotese blir no utført til og med som dagkirurgi enkelte stader. Sjølv om det er eit inngrep med stor suksess hos dei fleste, er omtrent 20% av pasientane ikkje fornøgd av forskjellige årsaker.

Utviklinga til no har vore driven av nye kirurgiske teknikkar, både når det gjeld posisjonering av protesen, pasient spesifikke posisjonsguidar (PSPG), computernavigering, robotkirurgi og nye protesetypar. Ein av desse protesetypane er den såkalla medial pivot designen (MP). Medan eldre designs (cruciate retaining, CR) i nokre tilfelle rører seg på ein såkalla paradoksal måte i kneleddet, altså at utsida av lårbensdelen glir framover i staden for bakover når ein bøyer kneet, så er dissa protesane designa for å gjenskape dei naturlege bevegelsane til kneet under daglegdagse aktivitetar.

Når vi undersøker ortopediske implantater ønske vi gjerne å studera den såkalla migrasjonen, altså bevegelsen over tid mellom implantat og knokkel. Migrasjon, eit mål på stabiliteten av protesen, blir ofte målt med radiostereometrisk analyse (RSA), ein svært eksakt metode. Auka migrasjon av eit implantat er ofte forløpar til løysing av protesen. Dette fører igjen gjerne til revisjon, altså utskifting, av protesen. Revisjon er ofte eit smertefullt inngrep, rehabiliteringstida er lang, og resultatet er ofte dårleg for pasienten. Overleving av protesar blir ofte målt i store registerdatabasar, og kan seia oss kor mange implantater som ikkje er reviderte over ein gitt tidsperiode. Stabilitet og overleving av protesar er derfor viktige mål når vi innfører nye kirurgiske teknikkar eller nye implantatdesign.

Målet med dette forskingsarbeidet var todelt; å studera stabiliteten til ein CR protese når vi bruker PSPG som representant for moderne teknikk, og å studera overleving, revisjonsrisiko, årsaker til revisjonsoperasjon og stabiliteten til den såkalla MP design. I artikkel I nytta vi RSA til å studera stabiliteten til Vanguard® CR protesen ved bruk av to forskjellige kirurgiske teknikkar; konvensjonell teknikk og PSPG. RSA er sett på som ein metode med høg presisjon ved evaluering av risiko for seinare proteseløysing. I artikkel II, som er ein registerstudie som inkluderer store datasett frå dei australske (AOANJRR) og norske leddregistera (NAR), samanlikna vi overleving av protesar med MP designar med dei tre mest brukte CR protesane i begge land. Vi undersøkte òg revisjonsrisiko og revisjonsårsaker for dei forskjellige MP implantater. I artikkel III undersøkte vi stabiliteten til GMK® Sphere protesen med RSA teknikk.

Vi kan så langt ikkje konkludera i kva grad PSPG påverkar stabiliteten ved totalprotese i kneledd, sjølv om vi finn den kontinuerlege migrasjonen bekymringsverdig. Nokon av MP- implantatene hadde dårlegare overleving og høgare revisjonsrisiko på grunn av malalignment og instabilitet samanlikna med CR. Stabilitetsmålinga av GMK® Sphere tillèt oss ikkje å komma med nokon endeleg konklusjon vedrørande risiko for mekanisk løysing på lang sikt. Vidare oppfølgning av PSPG teknikk og MP-design blir derfor anbefalt.

Info om disputasen:​
Frank-David Øhrn, Institutt for nevromedisin og bevegelsesvitenskap, NTNU fikk antatt avhandlingen:

"Contemporary total knee arthroplasty: Designs and surgical methods"

til forsvar for graden ph.d. i Medisin ved Fakultet for medisin og helsevitenskap, NTNU.

Kandidatens veiledere har vært overlege Stephan Maximillian Röhrl, Oslo universitetssykehus HF, og Øystein Bjerkestrand Lian, førsteamanuensis NTNU og overlege ortopedi, HMR.

Prøveforelesningen (oppgitt emne) fant sted fredag 8. april kl. 10:15 i auditoriet, Kristiansund sjukehus

"Perioperative complications in total knee replacement surgery – incidence, causes, treatment, results and prevention"

Disputas fant sted fredag 8. april kl. 12:15 i auditoriet, Kristiansund sjukehus

Professor Otto Schnell Husby ledet disputasen.

Mer info på NTNU sine sider:
https://www.ntnu.no/kalender/detaljer/-/event/aa13abd3-39b2-343c-b75d-22232b5debad

​​