Oppstart av Virtuelt sjukehus klinikk Ålesund
– Vi vil vere framoverlent i møte med komande utfordringar, seier Siri Talseth-Frilund, prosjektleiar for Virtuelt sjukehus ved klinikk Ålesund.
"Heime når du kan, på sjukehus når du må!" er grunntanken bak eit Virtuelt sjukehus.– Teknologi er ein del av løysinga på utfordringane våre. Det er opp til oss å definere korleis, og kva type teknologi som er nyttig og formålstenleg, seier Siri Talseth-Frilund. Ho er avdelingssjef for Medisinsk avdeling ved Ålesund sjukehus og leiar for prosjektgruppa med ti tilsette frå ulike fagfelt.
Målet er å utvikle ei moderne helseteneste med uttelling i form av auka pasienttryggleik, auka kvalitet, betre ressursutnytting og økonomi.
– Innovative e-helseløysingar skal bidra til ein forbetra, trygg og effektiv helseteneste. Pasientar og pårørande skal også oppleve auka eigarskap og mestring.
Har kome langt allereie
På eit nasjonalt plan er det nye sjukehuset i Drammen, Vestre Viken sjukehus, først ute med å bygge opp eit Virtuelt sjukehus.
– Helse Møre og Romsdal har på mange måtar kome like langt i utviklinga av digitale helsetenester som Vestre Viken, men vi har ikkje definert og organisert dette på liknande måte, fortel Talseth-Frilund.
– Å opprette eit Virtuelt sjukehus bidreg til å samla alle digitale og virtuelle tenester under eitt. Dermed blir tilboda synlege og kjent for brukarar og tilsette. Det bør vera lett tilgjengeleg, og kunne etterspørjast.
Helse Møre og Romsdal tilbyr allereie fleire digitale helsetenester
- Behovsstyrte poliklinikkar
- Heimeoppfølging/overvaking (BiPAP/CPAP: ei maske som gir pustestøtte for eksempel ved søvnapné)
- Intravenøst heimesjukehus
- Heimespirometri: eit apparat til innblåsing for å måle for eksempel lungevolum
Utprøving av heimebehandling med antibiotika
I februar fekk Kristiansund sjukehus ein pris, DOGA-merket, for arbeidet med intravenøs antibiotikabehandling i heimesjukehus. Dei siste fire åra har dette vore eit tilbod ved sjukehuset. I grunngjevinga frå juryen stod det mellom anna:
Juryen for DOGA-merket
Ved å tenke nytt om tenestedesign tek Helse Møre og Romsdal tak i ei viktig samfunnsutfordring.
Behandlinga vart positivt omtalt av ein pasient i NRK, med ei skildring av å ha det framtidige sjukehuset rundt halsen.
– I forkant av prosjektoppstart var vi i kontakt med prosjektleiar Inger Stokke for å dra nytte av erfaringane deira. Vi har hatt god hjelp av det solide arbeidet dei har gjort, og brukt det i vidareutviklinga til Virtuelt sjukehus, seier prosjektleiar Siri Talseth-Frilund.
Kamilla Alnes har ei 20 prosent stilling som sjukepleiekoordinator i prosjekt Virtuelt sjukehus. Ho leier arbeidet med utprøving og opplæring av intravenøs antibiotikabehandling heime og på sengepostar.
– Medisinsk avdeling har no eit nytt tilbod til pasientar som har behov for langvarig behandling med antibiotika. Pasientar kan fullføre behandlinga heime og få antibiotika gjennom 24 timar ved hjelp av ei infusjonspumpe. Pasienten kan få hjelp frå heimesjukepleien eller kome innom sjukehuset berre ein gong om dagen, i staden for å vera innlagd i fleire veker.
Forenklar behandlinga
– Føresetnadene er at pasientane har ein stabil helsetilstand og ikkje vil kreve hyppig tilsyn av helsepersonell etter utskriving. Pasientane har ofte godt funksjonsnivå, og har fleire ressursar som kan brukast og byggjast opp, seier Alnes.
– No som vi har kome i gang ser vi kor stor gevinst og glede pasientane har av dette tilbodet. Mange opplever at det er psykisk tungt å vera innlagt fleire veker i strekk. Heime får pasientane gjerne betre søvn og kan vere i vande omgivnader og ete den maten dei ønsker. Pasientane kan ta del i kvardagen, sjølv om dei får sjukehusbehandling.
Ho fortel at pumpa forenklar arbeidet med å gi intravenøs antibiotika også på sjukehuset.
– Sjukehusapoteket produserer antibiotika som er haldbar i 24 timar under infusjon og fleire dagar i kjøleskap. Det gjer at sjukepleiarane på sengepost slepp å blande antibiotika og kople opp og ned antibiotika-infusjon fleire gonger om dagen. Dette reduserer arbeidsprosessen vesentleg frå til dømes 4-6 gonger per døgn til ein gong i døgnet.
– Derfor ønsker vi at fleire avdelingar skal prøve å gi antibiotika på denne måten.
Først ut i landet
I tillegg til intravenøs antibiotikabehandling blir det testa ut digital overvaking av pasientane, derav nemninga Virtuelt sjukehus.
– Ålesund sjukehus er det første sjukehuset i landet som prøver ut teknologien med brystmonitor, seier Kamilla Alnes.
Det er lungeoverlege Kjetil Roth som tok initiativet til å prøve ut denne nye teknologien. Sidan desember 2022 har brystmonitor og klokker blitt testa på tilsette i tillegg til pasientar på intensiv og sengepost.
– Dette er ein ny teknologi for å måle NEWS, som er vitale parameter som hjertefrekvens, pustefrekvens og oksygeninnhald i blodet. Pasientane kan ha på seg ein brystmonitor heime og det blir tatt målingar gjennom heile døgnet. Det vil gi nyttig og raskare informasjon om helsestatusen til pasientane, forklarer Kamilla Alnes.
Medlemmar i prosjektgruppa
- Kamilla Alnes - prosjektsjukepleier - infeksjonssjukepleier medisin 2
- Helene Skjefte - infeksjonsoverlege
- Kjetil Roth - lungeoverlege
- Juliane Kretschmer - avdelingsleder sjukehusapoteket Ålesund
- Helene Devold - avdelingsleder sjukehusapoteket Ålesund
- Barbro Teige - seksjonsleder medisin 2
- Ann-Helen Arthur - seksjonsleder medisinske poliklinikkar
- Jill Ebbesen - virksomhetsleder tildeling og koordinerende eining Ålesund kommune
- Unni Arnestad - kvalitetsrådgivar helsetenesteutvikling
- Siri Talseth-Frilund - prosjektleder
Samarbeidspartnerar
- Seksjon for Medisinsk teknologi Sunnmøre
- Britt Krøvel - Utviklingssenteret for sykehjem- og hjemmetjenester i Møre og Romsdal
- Cecilie Campell - Avdeling for læring om velferdsteknologi
- Eli Bente Langva - Avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering
- Inger Stokke - Prosjektleder hospital@home, HMR
- Marianne Jacobsen - Prosjektleder hjemmesykehus, Sørlandet sykehus HF