HELSENORGE

Brukarhistoriekurs

Kurstilbod for deg som ynskjer å vere brukarrepresentant på kurs eller gruppetilbod.

Kvifor delta

For deg som ynskjer å vere brukarrepresentant på kurs og gruppetilbod, enten det er i sjukehus, kommunar eller andre felt. Sit du med erfaringar frå eigen sjukdom og meistring som du gjerne vil dele med andre? Korleis kan ein utforme di eiga historie slik at den gir håp til andre? Lurer du på om du kan bli ein brukarrepresentant eller berre er nysgjerrig?

Praktisk info og påmelding

Kurset går over to kveldar, mellom kl. 1630 - kl. 20.00. Pause med enkel servering under kurskveldane. Gi beskjed dersom det er noko ein skal ta omsyn til vedrørande kost/allergiar ol.

Påmelding til den oppgitte kontaktpersonen.

Tema

  • Teori om mestring og innhold i ei brukerhistorie v/rådgivar LMS
  • Presentasjon av eksempel på brukerhistorie v/ erfaren brukerrepresentant
  • Presentasjonsteknikk – teori og døme på ulike metoder
  • Oppstart arbeid med eiga historie under første kursdag, individuelt og i grupper
  • Dag to presenterer ein eigne brukerhistorier med tilbakemelding frå kursleiar

Brukarhistoriekurset for hausten 2022 er utsatt. Ved spørsmål vedrørande kurset eller ønske om å bli satt på påmelsingsliste til neste kurs ta kontakt med rådgivar Espen Ervik.


Utgiftar og rettigheiter

Kurset er gratis.

Eventuelle reise- eller opphaldsutgifter må ein dekke sjølv.

Fann du det du leita etter?