Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Brukarhistoriekurs

Kurstilbod for deg som ynskjer å vere brukarrepresentant på kurs eller gruppetilbod.

5.
september
2024
2 dagar
  1. 05. sep. 2024
  2. 12. sep. 2024

Tid og stad

Når

  1. 05. sep. 2024
  2. 12. sep. 2024

Type arrangement

Kurs

Arrangør

Kvar

Tilbodet arrangerast i Molde og Ålesund, nærmare oppmøtestad kjem.

Påmelding

Frist for påmelding: 22. aug. 2024

Kvifor delta

For deg som ynskjer å vere brukarrepresentant på kurs og gruppetilbod, enten i regi av kommune-/spesialisthelseteneste eller i tilknytning til andre felt. Sit du med erfaringar frå eigen sjukdom og meistring som du gjerne vil dele med andre? Korleis kan ein utforme di eiga historie slik at den gir håp til andre? Lurer du på om du kan bli ein brukarrepresentant eller berre er nysgjerrig?

Praktisk info og påmelding

Kurset går over to kveldar, mellom kl. 16.30 - kl. 20.00. Pause med enkel servering under kurskveldane. Gi beskjed dersom det er noko ein skal ta omsyn til vedrørande kost/allergiar ol.

Ved spørsmål vedrørande kurset, ta kontakt med rådgivar Astrid Ljøkjell Solem ved Lærings- og meistringssenteret (LMS) tlf. 930 91 816.

Du melder deg på ved å sende mail til lms@helse-mr.no, merk påmelding med Molde eller Ålesund. 

Tema

  • Teori om mestring og innhold i ei brukerhistorie v/rådgivar LMS
  • Presentasjon av eksempel på brukerhistorie v/ erfaren brukerrepresentant
  • Presentasjonsteknikk – teori og døme på ulike metoder
  • Oppstart arbeid med eiga historie under første kursdag, individuelt og i grupper
  • Dag to presenterer ein eigne brukerhistorier med tilbakemelding frå kursleiar

Utgiftar og rettigheiter

Kurset er gratis.

Eventuelle reise- eller opphaldsutgifter må ein dekke sjølv.

Program med detaljert informasjon finn du her.

Kontakt

Andre datoar

  1. 11.
    september
    2024
    2 dagar
    Brukarhistoriekurs