Synet ditt- med deg i fokus.
Vi er opptatt av å gi den beste servicen og behandlinga vi har tilgjengeleg, tilpassa kvar enkelt pasient. I tett samarbeid med pasient og pårørande, blir vi einige om vegen vidare. Vi er stolte over å ha dedikerte, dyktige og engasjerte tilsette som har eit godt tverrfagleg samarbeid. Vi har kontinuerleg fokus på verdiane våre:
- RESPEKT
- ANSVAR
- TILLIT
- TRYGGLEIK
Respekt: alle skal vise respekt for pasientar og medarbeidarar.
Ansvar: alle må ta ansvar for at trivselen ved avdelinga er god.
Tillit: Vi skal skape tillit slik at pasienten kjenner seg godt ivaretatt. Vi må ha tillit til og stole på kvarandre når det gjeld arbeidsoppgåvene og kompetansen til kvar enkelt.
Tryggleik: både pasientar og tilsette skal kjenne seg trygge på Auge poliklinikk.
Desse verdiane er «køyrereglane» for alle tilsette på avdelinga.
Augeavdelinga har eit opptaksområde med cirka 128 000 innbyggarar. For nokre område, som til dømes undersøking av barn som er fødde for tidleg, er opptaksområdet heile fylket, med 240 000 innbyggarar.
På augeavdelinga har vi poliklinikk, operasjonsstove og sengepost.
Vi har til saman 20 årsverk fordelt på legar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar og sekretærar.