Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Heime når du kan - på sjukehus når du må

Kvifor heimesjukehus?

Med avansert heimesjukehus har vi fokus på pasienten si helseteneste og Barns beste.

Vi kan bidra til

  • Auka tryggleik og betre livskvalitet, og medverke til å redusere psykisk belasting for barnet og familien.
  • Forutsigbarheit og kontinuitet.
  • Betre helse for heile familien. 
  • Mindre fokus på sjukdom, både for barnet og resten av familien. 
  • Meir tid i skule og barnehage. 
  • Foreldre får moglegheit til å arbeide meir.
  • Auka stabilitet i familiesituasjonen. 

Barn har det best heime i trygge og kjende omgivnader. Mange barn må likevel tilbringe mykje tid på sjukehus, noko som kan vere krevjande for både barnet, eventuelle søsken og foreldra. Målet er at barnet ikkje skal vere på sjukehus lenger enn nødvendig, og dette vil bidra til at familien får ein meir normal kvardag i kjente omgivnader med familie og vener i nærleiken.

Medverknad i tilbodet gir barnet og familien auka tryggleik og kontroll over eigen situasjon og sitt eige liv. 

I avansert heimesjukehus har vi erfarne sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og overlege som er spesialist innan pediatri (barnelege). Personalet samarbeider med andre faggrupper på sjukehuset. Behandling, oppfølging, rettleiing og sjukepleie heime har same kvalitet som på sjukehuset, men den store skilnaden er at barnet og familien får vere heime når dei kan og på sjukehuset når dei må.

Raskare friske heime

Erfaringa frå andre sjukehus som har drive med avansert heimesjukehus for barn og ungdom er at barna er tryggare og blir raskare friske heime, og at familien som heilskap har det betre. 

Sist oppdatert 30.10.2023