Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gynekologisk poliklinikk Ålesund

Velkommen til gynekologisk poliklinikk i Ålesund! Ved poliklinikken får tilviste pasientar utgreiing, diagnostisering og behandling av  gynekologiske tilstandar. Ultralydundersøking i svangerskapsveke 17-20 er eit tilbod til alle gravide etter tilvising frå fastlege eller jordmor. For gravide med risikotilstandar kan det vere aktuelt med oppfølging i svangerskapet ved poliklinikken.  Kvinner som ynskjer sjølvbestemt abort kan ta kontakt med poliklinikken utan tilvising.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 09:00 - 14:30
  • Tysdag 09:00 - 14:30
  • Onsdag 09:00 - 14:30
  • Torsdag 09:00 - 14:30
  • Fredag 09:00 - 14:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Behov for å endre timen din?

HelsaMi
For timar etter 27. april kan du no sende oss melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din.

Sikker dialog

eDialog
For timar før 27. april kan du trygt sende oss ei melding via eDialog (login via ID-porten). Vi treng då fødsels- og personnummer for å finne timen din i vårt journalsystem.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Poliklinikken ligg i 9. etasje i høgblokka ved sjukehuset. Følg merking frå inngang nord eller sør (hovudinngang). Gi beskjed i ekspedisjonsluka på poliklinikken ved oppmøte.
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5