For å bli givar er det visse krav som må vere oppfylt. Du må:
- vere frisk
-
ikkje røyke eller snuse
-
ikkje bruke rusmidler. Eit glas vin ein sjeldan gong er ikkje til hinder for å levere mormjølk, så lenge du ikkje pumpar til mjølkebanken når du har alkohol i blodet.
-
ikkje bruke faste medikament, heller ikkje naturmedisinpreparat. Nokre medikament er godkjende t.d. Levaxin, Insulin, Paracet, Ibux. Ta kontakt med mjølkebanken for meir informasjon.
- jamfør ny forskning kan ein levere mjølk i 12 månader dersom det er praktisk mogleg. Det er ønskeleg at ein tar kontakt med morsmjølkbanken så raskt som mogleg.
Er desse krava oppfylt, ta gjerne kontakt med mjølkebanken på e-post eller telefon.
Når du kjem får du nokre skjema som du skal fylle ut. Mjølka di skal brukast til svært små og sjuke spedbarn, derfor er det viktig mjølka ikkje inneheld farleg smittestoff. Du synest kanskje nokon av spørsmåla er nærgåande og personlege, men det er viktig at vi får informasjon om dette. Vi må forsikre oss om at mjølka er utan farlege bakteriar eller virus, eller om du har vore utsett for høg risiko for smitte. Alle opplysningar blir behandla strengt fortruleg.
I tillegg må du ta ein blodprøve for å utelukke at du har vore smitta med enkelte virus som kan vere farlege for barn som er fødd for tidleg. Dette er stort sett dei same reglane som gjeld for blodgivarar. Det vi testar er virus som t.d. HIV, hepatitt og CMV (cytomegalovirus). Ny blodprøve må takast kvar 3. månad så lenge du er givar. Har ikkje donor gjennomgått CMV-infeksjon før, kan mjølka brukast til dei premature med fødselsvekt under 1500 gram. Dei må ta ny blodprøve ein gong i månaden.