Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Mjølkebanken ved Ålesund sjukehus

Velkomen som morsmjølkgivar

Vi er svært glade for at du ønsker å bli morsmjølkgivar.  Morsmjølk er den beste næringa for tidleg fødde og sjuke nyfødde barn kan få. Ofte har ikkje mødre nok morsmjølk til barnet sitt, då er det viktig at vi har tilgjengeleg morsmjølk frå givarar. Som morsmjølkgivar er du med på å gi sjuke nyfødde ein god start i livet.

Mor med prematurt barn

Hud, håp, liv. Illustrasjon: Astrid Bjørneseth

For å bli givar er det visse krav som må vere oppfylt. Du må:​


  • vere frisk
  • ikkje røyke eller snuse
  • ikkje bruke rusmidler. Eit glas vin ein sjeldan gong er ikkje til hinder for å levere mormjølk, så lenge du ikkje pumpar til mjølkebanken når du har alkohol i blodet. 
  • ikkje bruke faste medikament, heller ikkje naturmedisinpreparat. Nokre medikament er godkjende t.d. Levaxin, Insulin, Paracet, Ibux. Ta kontakt med mjølkebanken for meir informasjon.  
  • jamfør ny forskning kan ein levere mjølk i 12 månader dersom det er praktisk mogleg. Det er ønskeleg at ein tar kontakt med morsmjølkbanken så raskt som mogleg. 

Er desse krava oppfylt, ta gjerne kontakt med mjølkebanken på e-post eller telefon. 

Når du kjem får du nokre skjema som du skal fylle ut. Mjølka di skal brukast til svært små og sjuke spedbarn, derfor er det viktig mjølka ikkje inneheld farleg smittestoff. Du synest kanskje nokon av spørsmåla er nærgåande og personlege, men det er viktig at vi får informasjon om dette. Vi må forsikre oss om at mjølka er utan farlege bakteriar eller virus, eller om du har vore utsett for høg risiko for smitte. Alle opplysningar blir behandla strengt fortruleg.​

I tillegg må du ta ein blodprøve for å utelukke at du har vore smitta med enkelte virus som kan vere farlege for barn som er fødd for tidleg. Dette er stort sett dei same reglane som gjeld for blodgivarar. Det vi testar er virus som t.d. HIV, hepatitt og CMV (cytomegalovirus). Ny blodprøve må takast kvar 3. månad så lenge du er givar. Har ikkje donor gjennomgått CMV-infeksjon før, kan mjølka brukast til dei premature med fødselsvekt under 1500 gram. Dei må ta ny blodprøve ein gong i månaden.

Mjølka som du gir til morsmjølkbanken vil bli testa for bakteriar. Dette for sikre at mjølka ikkje har for høgt innhald av uønska bakteriar. God hygiene er svært viktig!

Du får ei godtgjersle på 150 kr pr. liter morsmjølk. Er det mykje bakteriar i mjølka må ho varmebehandlast og då blir nokre viktige virkestoff øydelagde, dette vil vi gjerne unngå. Mjølk som må varmebehandlast blir godtgjord med 75 kr pr. liter. Er mjølka ubrukeleg på grunn av for mykje bakteriar kan vi ikkje betale for ho. Du får då igjen mjølka eller den kan kastast. I tillegg dekker vi reise for levering av mjølk.

Du får låne alt utstyr du treng (flakser til å fryse melka i, handsprit, kompressar, papirhandkle m.m.). Du vil få tildelt eit givarnummer som skal stå på alle mjølkebegera og bakterietestane du leverer.​ Dersom du har brystpumpe sjølv må du gjerne bruke denne. Vi har nokre pumper til utlån. 

Prak​tiske råd

  1. ​Vask hendene med såpe og vatn før pumping. Bruk papirhandkle, og steng krana med papir. Ved forkjøling kan du få munnbind på avdelinga
  2. Hald bryst og brystknopp rein ved dagleg dusjing og vask brystet med fukta papirhåndkle før kvar pumping
  3. Viss du ikkje akkurat har amma, skal du rense mjølkegangane ved at du klemmer ut nokre dropar for hand før den eigentlege pumpinga startar
  4. Ha den nypumpa morsmjølka over i flasker og frys. Halvfulle flasker kan du sette i kjøleskapet straks og etterfylle ved neste pumping inntil flaska er full. Mjølka må frysast den dagen ho blir pumpa, unngå mjølk med ulik dato i same glas. Husk å ta bakterietest av mjølka
  5. Etter kvar pumping skal du skylle utstyret i kaldt vatn og vaske det med såpe og vatn. Etterpå skal du koko pumpeutstyret i 10 minutt. Slangen skal du koke 1 gang i veka
  6. Ta kontakt med avdelinga ved sjukdom og nødvendig medikamentell behandling (òg vaksiner). Du vil då få beskjed om givartenesta kan pågå under sjukdom og medikamentbruk​

Det er viktig at du merkar mjølkeflaskene du leverer til morsmjølkbanken. Merk med givarnummer, dato for pumping og nummer om du pumpar fleire beger i løpet av dagen. Merk bakterieprøvene på same måte.

Ved levering av morsmjølk anbefalar vi å ha mjølkeflaskene i ein kjølebag under transporten. Hugs å ha bakterieprøvane i ein eigen pose.

Du kan levere mjølk når det passar, men beste tidspunktet er kvardagar kl. 09.00 til 15.00. Er dette vanskeleg kan du ta kontakt for evt avtale. Ved levering skal ein fylle ut eit skjema der vi spør om frysetemperatur og evt sjukdom i heimen.

Vi har og avtale om henting av mjølk ved Volda og Molde sjukehus på føremiddag. Ved Volda sjukehus på sentrallageret og ved Molde sjukehus på postmottaket. Mjølka blir då transportert til Ålesund med budbil. Vi kan og sende utstyr i retur. Blodprøver kan takast i Volda og Molde.

Er det noko du lurer på så spør når du er her eller ring oss.
Du kan og finne meir informasjon om mjølkebank på www.ammehjelpen.no


Nyfødt intensiv ved Ålesund sjukehus

Telefon:  70 16 76 01  /  70 16 76 22

 

Barne- og ungdomsavdelinga ved Ålesund sjukehus (akvarell)

Barne- og ungdomsavdelinga ved Ålesund sjukehus. Illustrasjon: Astrid Bjørneseth




Sist oppdatert 17.03.2023