Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Poliklinikk barn og ungdom Kristiansund

Poliklinikken tek imot barn og unge fra 0 til 18 år. Pasientane kan kome med mange ulike sjukdommar og medisinske problemstillingar for utgreiing, undersøking og behandling. Poliklinikken driv også rettleiing og undervising, noko som er spesielt viktig for personar med kroniske tilstandar.

Ein vanleg poliklinikktime er 30 minutt, men første gongen du kjem reknar vi vanlegvis ein time. Når du kjem til venterommet og har snakka med oss i ekspedisjonen, blir du tatt imot av sjukepleiar som måler og veg deg.  Nokre gongar tar vi også andre undersøkingar før du skal vidare til legen. Husk å ta med helsekort for barn under 6 år.

Legen gjer undersøkingar og informerer omkring sjukdom og behandling, og viss du treng medisinar får du opplæring i rett bruk.

Dersom det blir naudsynt med røntgenbilete blir det gjort på røntgenavdelinga. I dei fleste tilfelle er dette avtalt på førehand.

Blodprøver blir utført av sjukehuslaboratoriet. Vi kan sette på bedøvelsesplaster viss du ønskjer det.

Kontakt

Telefon

Måndag - fredag kl 08:00 - 15:30

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF Postboks 1600 6026 Ålesund

Behov for å endre timen din?

HelsaMi
For timar etter 27. april kan du no sende oss melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din.

Sikker dialog

eDialog
For timar før 27. april kan du trygt sende oss ei melding via eDialog (login via ID-porten). Vi treng då fødsels- og personnummer for å finne timen din i vårt journalsystem.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Kristiansund sjukehus, 3. etasje. 
Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

Kristiansund sjukehus

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

Praktisk informasjon

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

​Foreldre/føresette kan følge barnet til time på poliklinikken. På grunn av at ein stor del av pasientane hos oss ikkje er vaksinerte og vi forventar ei stor auke i luftvegsinfeksjonar denne hausten/vinteren, er det ikkje moglegheit for andre til å bli med.