Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Poliklinikk barn og ungdom Molde

Barnepoliklinikken ved Molde sjukehus gir tilbod til barn og ungdom i alderen 0-18 år med ulike sjukdomar, og dekker i hovudsak pasientar frå molderegionen.

Utgreiing og behandling av pasientar skjer i dag i stadig større grad poliklinisk. Ved våre poliklinikkar følgjer vi i utgangspunktet pasientar med dei fleste problemstillingar og diagnosar, i enkelte tilfelle i samarbeid med andre avdelingar/sjukehus.


Vi mottek tilvisingar både fra allmennlegar og sjukehuslegar. Ved samansette problemstillingar med behov for tverrfagleg tilnærming, vurderer vi ofte pasientane ved barnehabiliteringa. Avhengig av sjukehistorie, symptom, klinisk undersøking og mistenkt diagnose, kan ei rad supplerande undersøkingar vere aktuelle. 


Hovudtyngda av pasientane våre er innan kategoriane astma og allergi, hjartelidingar, kreft, endokrine sjukdomar, mage-tarm-sjukdomar, urinvegslidingar, revmatiske sjukdomar, nyføddmedisin og infeksjonssjukdomar. Tilstandane kan vere medfødde eller erverva.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Telefonen er stengt frå 11.00 til 12.30

Postadresse

Behov for å endre timen din?

HelsaMi
For timar etter 27. april kan du no sende oss melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din.

Sikker dialog

eDialog
For timar før 27. april kan du trygt sende oss ei melding via eDialog (login via ID-porten). Vi treng då fødsels- og personnummer for å finne timen din i vårt journalsystem.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Barnepoliklinikken finn du i 2. etasje ved Molde sjukehus.
Molde sjukehus med en plen foran seg

Molde sjukehus

Parkveien 84

6407 Molde

Praktisk informasjon

​Foreldre/føresette kan følge barnet til time på poliklinikken. På grunn av at ein stor del av pasientane hos oss ikkje er vaksinerte og vi forventar ei stor auke i luftvegsinfeksjonar denne hausten/vinteren, er det ikkje moglegheit for andre til å bli med.