Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

Utvider stenging av døgntilbodet til barn

Grunna akutt mangel på sjukepleiarar, vil døgntilbodet til barn og unge i Kristiansund vere stengt til etter haustferien.

Avdelinga har sidan 8. mai vore stengt grunna mangel på legespesialistar og sjukepleiarar. 

– Situasjonen har betra seg noko for legespesialistar, men det er framleis mangel på pleiesida. Derfor vel vi å halde stengt fram til vi har kontroll på at vi har på plass forsvarleg bemanning. Om alt går som det skal, kan vi opne avdelinga igjen etter haustferien i veke 42, seier klinikksjef Elisabeth Siebke i Klinikk Ålesund.

Klinikk Ålesund har det faglege ansvaret for det somatiske spesialisthelsetilbodet til barn og unge i Helse Møre og Romsdal. 

Barneavdelinga har dagtilbod fra 08 til 15 på kvardager, der dei kan ta imot augeblikkeleg hjelp og gjere vurderingar, samt drive poliklinikk og dagbehandling. 

Barn som treng innlegging i perioden, vil bli sendt til Ålesund sjukehus. 

Kontakt ved behov for innlegging

  • Fastlege/legevaktslege som vil legge inn ein pasient på barnemedisinsk avdeling skal som vanleg ta kontakt med AMK, som vidare kontaktar vakthavande lege ved aktuell avdeling. 
  • Kva sjukehus barnet/ungdommen leggast inn ved, vil avhenge både av kapasitet og behov for behandling.
  • HMR har gode rutinar i alle sjukehusa våre for å handtere akutt sjuke barn.
  • Vi har trygge rutinar ved stengt barneavdeling i Kristiansund, då avdelinga årleg har stengingsperiodar i ferie- og høgtider.
Sist oppdatert 29.08.2024