Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Sjukepleiarar

Kirurgisk sengepost 2 Ålesund

Kirurgisk sengepost 2 er ein felles sengepost der vi behandlar pasientar innan fagfelta generell kirugi, gastrokirurgi (mage/tarm), bryst og endokrinkirurgi (skjoldbruskkjertel).

Avdelinga har 22 sengeplassar. Hovuddelen er gastrokirurgiske pasientar. Vi har eit nært og godt samarbeid med dagkirurgisk seksjon. Nokre av pasientane våre blir overførte dit.

Vi har pasienten i fokus. Kvardagen kan vere tøff og utfordringane er mange. Vi gjer vårt beste for å skape eit trygt og godt arbeidsmiljø prega av openheit, støtte og lagspel. Dette gjer vi ved å ha kjerneverdiane i fokus:

  • Respekt: alle skal vise respekt for pasientar og medarbeidarar.
  • Ansvar: alle må ta ansvar for at trivselen ved avdelinga er god.
  • Tillit: vi skal skape tillit slik at pasientar føler dei blir tatt hand om.
  • Tryggleik: både pasientar og tilsette skal kjenne seg trygge på kirurgisk sengepost 2.   

Kontakt

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF Postboks 1600 6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

4. etasje i høgblokka. 

Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Praktisk informasjon

​​Besøkstida er kl. 17.00-19.00 alle dagar. ​