Dialyse
Nyrespesialistane i Helse Møre og Romsdal samarbeider tett, det er også tett samarbeid med dialyseavdelingane i Kristiansund, Molde og Volda. Dei fleste pasientane i fylket startar med dialysebehandling i Ålesund. Målet er at alle får dialysebehandling så nære heimstaden som mogleg. Ei dialysebehandling tar om lag fire timar, og dei fleste som går i dialyse har behov for å få behandlinga tre gonger i veka. Sjukepleiarane på dialysen har spesialkompetanse og vidareutdanning i nyresjukdommar, har lang erfaring, og pasienten i fokus. Sjukepleiarane på dialysen samarbeider tett med nefrologane (nyrespesialistar). På hemodialyseavdelinga er det plass til 18 pasientar.
For å få hemodialysebehandling (HD), treng man ein blodtilgang. Dette kan vere ein AV-fistel (arteriovenøs fistel) eller eit dialysekateter. Dette er eit inngrep som treng innleggelse i Ålesund sjukehus.
Peritonealdialyse (PD)
Nyreseksjonen i Ålesund har ansvar for alle pasientar i heile Møre og Romsdal når det gjelder peritonealdialyse (posedialyse, PD). Dette er ei dialyseform pasienten sjølv kan utføre heime, eventuelt med hjelp av heimesjukepleiar. For å kunne få peritonealdialyse trenger man eit PD-kateter. Dette er eit inngrep som krever innleggelse ved Ålesund sjukehus. Nyreseksjonen i Ålesund er ansvarleg for opplæring og oppfølging av desse pasientane. PD-sjukepleiarar er tilgjengelege via telefon alle dagar.
Pasientar som skal utredast for nyre-/og eller bukspyttkjerteltransplantasjon (recipientutredes), blir innlagt på nyremedisinsk sengepost (Medisin 2). Det legges opp til at transplantasjonsutredninga, som består av ulike undersøkingar og samtaler, skal kunne gjennomførast i løpet av 1 veke.
For meir informasjon om dialyse kan du sjå filmen under.
Dialyse from Helse Møre og Romsdal on Vimeo.