Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Kostholdssirkel

Kostråd ved dialyse

God ernæringstatus er det beste utgangspunktet for å halde deg friskast mogleg i dialyse. Har du behalde matlysta og hatt stabil vekt i lengre tid, er føresetnadene dine gode. Har du dårleg matlyst og gått ned i vekt bør du passe litt ekstra på. Ta kontakt med dialysesjukepleiaren din for hjelp og støtte. Det er viktig å snu den negative utviklinga så tidleg som mogleg.

Mål for kostbehandlinga  

  • Halde oppe god ernæringstatus 
  • Kontrollere elektrolyttnivåa (urinstoff, kreatinin, Na, K, fosfat) 
  • Hjelpe med væskekontroll  
  • Forebygge og/eller behandle underernæring eller overvekt 
  • Forebygge hjarte- og karsjukdom 
  • Søke å oppnå god livskvalitet! 

Ver varsam med salt og fosfat 

I tida før dialyse har du kanskje fått råd om å kutte ned på salt i maten og vere varsam med fosfathaldig mat som mjølk og egg. Fortsett med dette! Eller start no! 

No treng kroppen meir protein

Viss du også har fått råd om å halde deg til moderate eller små porsjonar kjøtt og fisk, dvs lite protein, vil det no forandre seg: No treng kroppen meir protein. Når du går i dialyse er det utfordrande å velje mat som gir mykje protein og lite fosfat. Vel då å følgje dei generelle tilrådingane for fosfatredusert kost, samtidig som du aukar andelen kjøtt og fisk til hovudmålstid og pålegg. Hugs også å ta fosfatbindarar. 

Individuelle tilpassingar

Dialysepasientar må  kanskje også følgje kaliumredusert kost og væskeredusert kost. Dette er individuelt og du vil få beskjed om dette blir aktuelt for deg. 

Hindre at væske samlar seg i kroppen

Nyrepasientar måler vekta før kvar dialyse for å vurdere om det er væskeopphopning i kroppen. Dei fleste får vurdert ei tørrvekt av behandlande lege, dvs den vekta du har når du ikkje har overflødig væske i kroppen.  Nokon får nedsett urinproduksjon som følgje av nyresvikten og må  trekke ut væske gjennom dialysen. Desse må også avgrense væskeinntak, både gjennom mat og drikke. Det er vanleg å måle vekta  også etter dialyse for å stadfeste at du har nådd tørrvekt. Saltredusert kost kan vere med og hindre at væske samlar seg i kroppen og å gjere deg mindre tørst. Det kan derfor vere til god hjelp for deg som går i dialyse å ha mindre salt i maten du et. 

Lett måltid under behandlinga

Vi tilrår at du har ete før du kjem til dialyse.Erfaring viser at stort mat- og drikkeinntak kombinert med væsketrekk under dialyse ofte gjer at ein ikkje oppnår ønskt behandlingsresultat. Med utgangspunkt i dette blir det berre servert eit lett måltid under behandlinga :  

  • 2 halve rundstykke 
  • 1 beger med frukt og grønsaker 
  • 2 koppar eller glas drikke 

Fokus på god ernæring

Vi ønskjer no å setje fokus på viktigheita av god ernæringsstatus for deg som går i dialyse.

  • Vi tek blodprøver av deg kvar månad. Desse vil vise om du treng endringar i kva du et.
  • Vi har ein dyktig og engasjert ernæringsfysiolog som tilbyr individuelt tilpassa kostråd og rettleiing.
  • Vi har fått gode og oppdaterte brosjyrar om kosthald ved dialyse.

Ta kontakt med din primærsjukepleiar ved spørsmål om kosthald og tilvising til ernæringsfysiolog. Hugs at dei kostråda som gjeld for deg ikkje nødvendigvis gjeld for andre.

 

Sist oppdatert 07.02.2024