Dei fleste pasientane som får oppfylging ved ein hjartesviktpoliklinikk vert tilvist frå sjukehus etter innlegging eller i forbindelse med annan poliklinisk kontroll. Fastlege kan tilvise til fagområdet hjartesjukdomar for ei vurdering ved hjartelege, dersom problemstillinga fell inn under hjartesviktpoliklinikken sitt behandlingsområde.
Kven kan tilvisast til hjartesviktpoliklinikken?
Pasientar som er utreda for hjartesvikt i henhald til faglege retningsliner og som har behov for justering av medikament, informasjon og opplæring om hjartesvikt og som kan følgje opp behandlinga på eiga hand, eller ved hjelp av pårørande eller heimeteneste.
Hovudoppgåvene til hjartesviktpoliklinikken er: - Gje informasjon om hjartesvikt, inkludert livsstil og medikamentell behandling
Gje opplæring til eigenmestring
Gjennomføre kliniske undersøkingar
Justere hjartesviktmedisinar i henhald til europeiske retningslinjer (ESC Guidelines)
Følgje opp blodprøver , gjere funksjonsmålingar og vurdere livskvalitet
Fyrste kontroll inneheld fleire undersøkingar. Her vil du få informasjon og opplæring i forhold til din tilstand. I tillegg vil vi ta blodtrykk, puls, EKG og vekt. Vi vil også gjennomføre 6-minutts gangtest (dersom du er i stand til det). Du vil få utdelt symptom-skjema som du skal fylle ut. Du skal og ta blodprøver (på laboratoriet). Du vil få informasjon om anbefalingar i forhold til justering av dine hjartesviktmedisinar.
Tal kontrollar du skal til vidare, er avhengig av om det er behov for medisinendringar. Det er og avhengig av om din tilstand er stabil. Vanlegvis går det 2-4 veker mellom kontrollane, men det kan òg gå kortare eller lengre tid. På dei aller fleste kontrollane målar vi blodtrykk, puls, vekt og blodprøvar. Informasjon og rettleiing vert repetert etter ditt behov.
Når vi er ferdig å justere på medisinane dine, vil vi gjennomføre ein ny 6-minutts gangtest, for å sjå om gangdistansen og symptoma har endra seg sidan fyrste kontroll. Etter denne kontrollen vert du satt opp til kontroll etter ca 6 månader. I mellomtida må du gå til fastlege for kontroll av blodprøver og kontroll av blodtrykk og puls.
På 6 månaders kontrollen vil vi måle blodtrykk, puls, vekt og eventuelt ta EKG. Du vil og få nytt symptom-skjema og fylle ut. Informasjon vil bli repetert.
Dersom vi ikkje finn grunn til å sette i verk ytterlegere tiltak etter denne kontrollen, overførast oppfylginga tilbake til fastlege.
Når oppfylginga ved hjartesviktpoliklinikken er avslutta, er det viktig at du fyl dei råda du har fått. Hjartesvikt krev livslang oppfylging, og du må gå regelmessig til fastlege vidare. Det er viktig at du kontrollerar blodtrykk, puls og blodprøver med jamne mellomrom.
Skulle tilstanden forverre seg på eit seinare tidspunkt, kan du tilvisast på nytt.
Oppfølging av hjartesviktpasientar i allmennpraksis