Til medisin 1 kjem pasientar som blir innlagt for utredning og behandling av lungesjukdommar og hjartesjukdommar.
Landets beste arbeidsplass from Helse Møre og Romsdal on Vimeo.
Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset?
Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar
Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under.
Planlagt oppstart i oktober.
Raude felt som er kryssa over er tidlegare parkering for besøkande. Nye parkeringsområde er tilgjengeleg for besøkande, slik at det ikkje blir færre plassar i ombyggingsperioden.
For å kommunisere godt med dine pårørande ber vi om at de blir einige om ein person som vi kan ha kontakt med. Vi anbefaler at pårørande ringer oss mellom kl 12:00 - 14:00. Då skal vi vere tilgjegelege og gi best mogeleg informasjon. Pårørande kan også vere med på legevisitten, dersom du synest det er greitt.
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande
Besøkstida er kl. 17.00-19.00 alle dagar.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.
Passord på SMSNår du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.
Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:
No kan du lade el-bilen ved sjukehusa
Det er viktig at du tar med deg ei oppdatert medisinliste, som viser kva medisinar du bruker.
Frukost kl 08:00 - 09:00
Lunsj kl 12:00 - 13:00
Middag kl 15:30 - 16:30
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.
Åse hotell
Dersom du går ut av avdelinga må du på førehand avtale dette med pleiepersonalet. Om du ønskjer det, og behandlande lege tillet det, kan du få permisjonar over kortare tidsrom. Transportutgifter i samband med permisjonar må du dekke sjølv.
Ta med behagelege klede, innesko og toalettsaker. Sjukehuset tar ikkje ansvar for pengar og verdisaker du har med.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta
Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no
Buss
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.
FlyMolde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.
Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.
Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje. Velkomen!
Opningstider:
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.