I samarbeid med teamet som har kontakt med barnet/familien kan vi hjelpe til med:
- samtalar om målet for behandlinga
- å koordinere lokalt hjelpeapparat og nettverk
- råd om økonomiske støtteordningar
- planlegging og støtte ved vanskelege samtalar, både heime, på sjukehuset og på skulen
- ein plan for lindring ved smerter, uro, pustevanskar, utmatting, ernæringsvanskar, kvalme, angst eller søvnvanskar
- støtte til best mogleg livskvalitet
- planlegging og førebuingar viss livet går mot slutten
- legge til rette for heimedød for dei som ønskjer det
Viss eit palliativt forløp endar med at barnet/ungdommen døyr, vil eit palliativt team kunna hjelpe den etterlatne familien med støtte og rettleiing i sorgprosessen.