Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Prioritering (triage)

Prioritering i akuttmottaket - kvifor må eg vente?

Vi bruker eit prioriteringssystem (triagesystem) som skal sikre at det er dei sjukaste som får legehjelp først. Alle pasientar blir vurderte og får definert ein hastegrad.

  1. Raud
  2. Oransje
  3. Gul
  4. Grøn
  5. Blå

Hastegradsvurderinga baserer seg på symptom og målingar av pustefrekvens, puls, blodtrykk, temperatur, bevisstheitsnivå mm., der raude pasientar blir prioritert først. Viss tilstanden din endrar seg mens du ventar blir hastegraden endra til meir eller mindre alvorleg.

Avhengig av hastegraden og generell pågang på sjukehuset kan ventetida på vidare legeundersøking vere frå null minutt og opp til nokre timar. Sjølv om du kan oppleve lang ventetid er det likevel mange prosessar som blir utførte i denne tida. Vi tar ein del målingar, undersøkingar og blodprøver i ventetida. 

Illustrasjon vector. Pasientar som ventar i akuttmottaket.

Foto: Colourbox.com

Sist oppdatert 23.05.2023