Tilbodet ved smertepoliklinikken i Ålesund består av:
Tilvising til smertepoliklinikken
Tilvising bør kome frå fastlege. I dei tilfella der spesialisthelsetenesta sender tilvising, skal kopi av tilvisinga sendast til fastlegen. Pasienten bør vere ferdig medisinsk utgreia og ha fylt 18 år.
Underliggande organisk sjukdom kan vere ei delforklaring til smertetilstanden, men ein organisk diagnose er likevel svært sjeldan den einaste forklaringa på pasienten sine smerter. Derfor er det viktig at tilvisinga inneheld opplysingar som skildrar både medisinske, psykologiske og sosiale forhold.
Tilvisinga må gi ei tydeleg skildring av pasienten sitt problem. Resultat frå medisinske utgreiingar og tidlegare behandlingar skal skildrast på eit relevant detaljnivå. Ved omfattande sjukehistorie kan ein legge ved ein kopi av journalen, men dette kan ikkje erstatte ein gjennomtenkt tilvisingstekst. Spesielt ber vi om at opplysingar om pågåande medikamentell behandling (kortsiktig og langsiktig) er oppdatert og evaluert.
Ei utfyllande og poengtert tilvising er det beste middelet for å gi pasienten korrekt prioritet.
Meir spesifikt bør tilvisinga innehalde opplysingar om:
- Tidlegare og aktuelle livsbelastningar
- Psykososiale forhold, nettverk, omsorgsoppgåver
- Arbeidsforhold/sjukmelding/trygdestatus
- Angst/depresjon/verstefallstenking
- Skildring av smertetilstanden - karakter, lokalisasjon og varigheit
- Funksjonsnivå
- Tidlegare og pågåande medikamentell behandling og effekt av denne
- Tidlegare eller pågåande rusadferd
- Pasienten si eiga forståing og motivasjon for å bli tilvist til smertepoliklinikken
Du må gjerne ta kontakt med oss dersom du ønsker meir informasjon om tilvising, eller om du ønsker å avklare spørsmål før du sender tilvising.
Rettleiarar og retningsliner