Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medisinsk biokjemi og blodbank

Analyseoversikt for avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank

Analyseoversikta omfattar alle analysar som vert utført ved dei biokjemiske laboratoria og blodbankane i Helse Møre og Romsdal. Nokre av analysane vert berre utført på eitt eller to av laboratoria eller blodbankane. Dette vil kome fram ved elektronisk rekvirering. Analysar som ikkje vert utført ved alle laboratoria er merka.

Analysar som er omfatta av akkreditering er tilgjengelig under Analytisk variasjon​ og i akkrediteringsdokumentet Akkrediteringsomfang/Norsk Akkreditering (akkreditert.no). Dette gjeld for Ålesund. 

Ålesund er innvilga fleksibel akkreditering. Det vil seie at seksjonen kan gjere endringar i akkrediteringsomfanget fortløpande. Oppdatert oversikt finnast her: Akkrediteringsomfang - Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund. Ved manglande samsvar er det dette dokumentet som gjeld.
 
 
​Sjå også Lab handbok og kvalitetssikring av laboratorietenester for meir informasjon om våre tenester. 
 

Spørsmål eller innspel til analyselista kan rettast til avdelingssjef Brit Valaas Viddal​ eller laboratoriespesialist Lutz Schwettmann.​

Forklaring til analyseinstrument

Laboratoria i Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank analyserer dei fleste analysane på utstyr fra Roche Diagnostics. Ålesund og Molde har instrumenta Cobas c702 og e801. Kristiansund og Volda har instrumenta Cobas c501 og e601.  
Hematologianalysar vert utført på Sysmex-instrument.
Koagulasjonsanalysar vert utført på analyseinstrumenta Sysmex CS 5100 (Kristiansund, Molde og Ålesund) og Sysmex CS-2500 (Volda) 

Vi har i tillegg et utval av analyseinstrument for spesialanalysar.​

Sist oppdatert 05.02.2024