Blodgiving er frivillig og ein får inga betaling men ei lita gåve som takk for hjelpa.
Ønsker du å bli blodgivar?
Registrer deg via GiBlod.no eller ring blodbanken.
Etter at du har meldt deg som blodgivar få du ei timeinnkalling på blodbanken. Der tek dei blodprøvar av deg og går igjennom eit spørreskjema som du må fyllast ut. Det er først når du blir godkjend som blodgivar at du får time til blodgiving.
På grunn av restriksjoner vedgåande covid-19 vil alle bli teken imot av ein sikkerhetskontroll ved hovedinngangen til sjukehuset. Der må du vise timeinnkallinga og svare på nokre spørsmål. Dersom du har vore utenfor Norge eller hatt symptom frå luftveiane (hoste, feber, tungpust) eller symptom frå magen (kvalme, feber, diarè, oppkast) i løpet av dei siste 2 ukene kjem du ikkje inn på sjukehuset.
Velkomen til blodbanken (pdf)
Registrering av personopplysningar
For å bli blodgivar må du registrere deg i eit dataregister til Blodbanken.
Dette er nødvendig av ulike årsaker:
- Vi må ha mogelegheit til å kome i kontakt med deg som blodgivar.
- Vi må kunne dokumentere at gjeldande regelverk er fulgt.
- Vi må ha oversikt over den enkelte givars tappehistorikk.
- Vi treng å lagre ein del opplysningar om blodtyper etc. for å kunne velje riktig blod til den enkelte pasient.
- Vi er pålagde å alltid å vite kva for blodgivar som har gitt blod til bestemte blodprodukt.
Opplysningane som blir lagra er i hovudsak
- Namn, personnummer, adresse, telefonnummer, epostadresse, registrering av kvar tapping, blodtypeundersøkingar, prøveresultat og informasjon om korleis kvar tapping har forløpt.
- Det er også eit tekstfelt som blir brukt til administrativ informasjon om timeavtalar. Dette kan også bli brukt til å notere at ein person er godkjent som blodgivar etter vurdering av lege, når det er nødvendig.
Som blodgivar har du krav på å få vite kva som er registrert om deg, og du kan krevje retting dersom feil informasjon er registrert.
Nye personvernreglar i 2018
Rutinane våre for lagring av personopplysningar er i tråd med det nye GDPR-lovverket.
Om oss
Seksjonsleiar Marit Sivertsen
marit.sivertsen@helse-mr.no
Fagbioingeniør Randi Tømmervåg
randi.tommervag@helse-mr.no