Å gi blod er frivillig. Den som gir blod får ingen betaling, men ei lita gave som takk for hjelpa.
Ønsker du å bli blodgivar? Registrer deg via GiBlod.no
Velkomen til blodbanken (pdf)
Registrering av personopplysningar
For å bli blodgivar må du registrere deg i eit dataregister til Blodbanken. Dette er nødvendig av ulike årsaker:
- Vi må ha mogelegheit til å kome i kontakt med deg som blodgivar.
- Vi må kunne dokumentere at gjeldande regelverk er fulgt.
- Vi må ha oversikt over den enkelte givars tappehistorikk.
- Vi treng å lagre ein del opplysningar om blodtyper etc. for å kunne velje riktig blod til den enkelte pasient.
- Vi er pålagde å alltid å vite kva for blodgivar som har gitt blod til bestemte blodprodukt.
Opplysningane som blir lagra er i hovudsak
- Namn, personnummer, adresse, telefonnummer, epostadresse, registrering av kvar tapping, blodtypeundersøkingar, prøveresultat og informasjon om korleis kvar tapping har forløpt.
- Det er også eit tekstfelt som blir brukt til administrativ informasjon om timeavtalar. Dette kan også bli brukt til å notere at ein person er godkjent som blodgivar etter vurdering av lege, når det er nødvendig.
Som blodgivar har du krav på å få vite kva som er registrert om deg, og du kan krevje retting dersom feil informasjon er registrert.
Nye personvernreglar i 2018
Rutinane våre for lagring av personopplysningar er i tråd med det nye GDPR-lovverket.