Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Avdeling for patologi

Avdeling for patologi utfører diagnostikk av sjukdommar ved analyse av celle- og vevsprøver. Ein stor del av arbeidet er kreftdiagnostikk. Makroskopisk og mikroskopisk vurdering av prøvemateriale gir saman med kliniske opplysningar grunnlag for ein diagnose. Vi svarar ut biopsiar og cytologiske prøver, og utfører obduksjonar for sjukehus og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal.

Det er ingen vaktberedskap ved avdeling for patologi.

  • All patologivirksomhet i Helse Møre og Romsdal HF vert utført ved Avdeling for patologi. Lokalisasjon: Ålesund sjukehus.
  • For veiledning innan prøvebehandling:  Laboratoriehåndboka for Avdeling for patologi, EQS ID 30383.
  • For bestilling av rekvisita til prøvetaking: Prøvetakingsutstyr og rekvisisjonar
  • Transport av prøver: Sjukehusa har avtale med mange legesenter om opphenting av prøver. Nokon sender per post.
  • Hvis spørsmål, ta kontakt med Avdeling for patologi, Helse Møre og Romsdal,
    telefon 70 10 66 21.
  • For spørsmål ang obduksjon: Preparanttelefon 909 96 408.

​Prøvesvar blir sendt til rekvirerande lege. Vi opplyser ikkje prøvesvar direkte til pasienten. Vi ber deg om å ta kontakt med primærlegen din, då det er primærlegen som har ansvar for vidare oppfølging.

Gjennomsnittleg svartid på histologiske prøver/biopsiar er ei til halvanna veke. For cytologi må ein pårekne svartid på fire veker. Om det skal utførast spesialundersøkingar kan svartida blir noko lengre.


Foreløpig prøvesvar

Foreløpig prøvesvar kan bli gitt dersom prøvematerialet blir sendt til konsultasjon ved anna sjukehus, eller medan ein ventar på spesialundersøkingar.
For obduksjon vert foreløpig prøvesvar gitt innan om lag tre dagar. Endeleg svarrapport kan ein forvente innan tre månader.

Hasteprøve

Hasteprøver må merkast på remissen av rekvirenten. 
Eit hastesvar kan vere klart neste arbeidsdag, om materialet er tilstrekkeleg fiksert og levert laboratoriet innan klokka 14:00 dagen før.

Telefonsvar blir gitt på hasteprøver i spesielle, avtalte tilfelle, for eksempel der behandling av pasienten må skje straks.​

Bestill prøvetakingsutstyr

Rekvisisjon cytologi

Rekvisisjon histologi

Rekvirering av obduksjon

Ny bestillingsportal vert innført for prøvetakingsutstyr i Helse Midt-Norge frå 22.04.2024 - registrer deg no! 

Du kan alt no førehandsregistrere di eining (til dømes legekontor/sjukeheim) i portalen slik at de er klare til å bestilling når løysinga vert tatt i bruk frå 22.04.2024.

Vi vil då framleis tilby våre rekvirentar prøvetakingsutstyr, etikettar, samleposar, sendingshylser, rekvisisjonar og konvoluttar, på vilkår av at prøvene blir rekvirert hos og sendt til laboratoria i Helse Møre og Romsdal.

For å registrere deg går du til Bestillingsportal prøvetakingsutstyr – Helse Midt-Norge (helse-midt.no) og trykker på knappen for «Opprett bruker».

Deretter registrerer du deg slik:

  1. Finn di eining i rekvirentoversikta nederst i skjemaet (bruk søkefeltet for å finne lett fram).
  2. Velg di eining, og du vil få beskjed om å aktivere rekvirenten. Trykk på markert tekst for å gjere dette.
  3. Fyll inn eit telefonnummer og ei epostadresse som er eit felles kontaktpunkt for eininga (typisk post@eksempel...)

No har du aktivert di eining for bestillingar. Du vil få ein e-post der du kan følgje framgangsmåten for å opprette passord og deretter logge deg inn i systemet 

Når du har logga deg inn i systemet som eining/rekvirent kan du opprette fleire bestillarar som alle kan bestille prøvetakingsutstyr på vegne av aktuell eining/rekvirent.
 
Har du spørsmål eller treng hjelp med å komme i gang? Les brukardokumentasjonen her: https://hmn-bestillingsportal-ls.helse-midt.no/dokumentasjon/ eller kontakt oss på 
HMN.prøvetakingsutstyr@stolav.no

OBS! For enkelte rekvirentar, tilknytt Norsk Helsenett, har det vore problem med å komme seg inn i den nye bestillingsløysinga. Dette skal no vere retta, så prøv gjerne på nytt om du har hatt problem tidlegare. Har du framleis problem, send beskjed til HMN.prøvetakingsutstyr@stolav.no

​Ved cytologisk diagnostikk analyserer vi prøver som består av celler frå pasienten. Dei er hausta anten ved å skrape på ei slimhinne med spatel/børste, sugd ut med ei tynn nål eller samla opp i vevsvæske. Prøvematerialet blir vurdert mikroskopisk med omsyn til celleforandringar. Dei fleste cytologiske prøvene kjem frå livmorhals, urin, bryst, thyroidea, pleura og ascites.

Undersøkingar

Avdelinga utfører rutinefarging og ei rekke spesialundersøkingar for å dokumentere diagnosen.
Vi nyttar så vel cytokjemiske teknikkar som immunologiske og genetiske teknikkar.


Cervixcytologi og HPV-test

Vi nyttar PreservCyt (ThinPrep) transportmedium (og børste/plastspatel) for prøvetaking. Rekvisita for prøvetaking bestillast via bestillingsskjema, rekvirentar tilknytta sykehus bestiller i SAP. 

Celleprøver frå livmorhals er organisert i regi av Kreftregisteret og Masseundersøking mot livmorhalskreft. Vi utfører primær-testing på HPV-virus og mikroskopisk undersøkelse av innsendt materiale etter gjeldande retningslinjer frå Kreftregisteret. 

HPV-testen er ein DNA-test som påviser opptil 14 ulike høgrisikotypar HPV. Testen er godkjent etter retningslinjer frå Kreftregisteret.

Resultatet av HPV-test blir der det er aktuelt gitt saman med svar på celleprøve tatt frå cervix.

Lenke til Kreftregisteret sin kvalitetsmanual

Informasjon til rekvirenten

Dersom du bruker papirrekvisisjon må den fyllast ut med svart tusj eller kraftig blekk på skrivaren.
Hugs relevante kliniske opplysningar.​

Dei histologiske prøvene (biopsiane) er små eller store vevsbitar. Det kan også vere heile organ som blir fjerna ved mistanke om sjukdom i vevet.

Prøvematerialet blir etter fiksering, nøyaktig makroskopisk vurdering og kjemisk preparering skore i tynne snitt og lagt på objektglas. Vevet blir farga med ulike fargestoff, slik at struktur og enkeltceller kan bli studerte i mikroskop.
Ein diagnose blir stilt på bakgrunn av kliniske opplysningar og nøyaktig makroskopisk og mikroskopisk vurdering. 

Frysesnitt

Frysesnitt på vev frå pasientar blir utført mens operasjonen er i gang. Dette tilbodet er til stor hjelp for kirurgen, fordi vi får ein foreløpig diagnose under operasjonen.

Informasjon til rekvirenten

Fiksering av vev skjer som regel i 4 % bufra formaldehyd (det same som 10 % bufra formalin). Bruk rikeleg mengde fikseringsvæske og stort nok prøveglas slik at væska omsluttar vevet heilt.

Dersom du bruker papirrekvisisjon må den fyllast ut med svart tusj eller kraftig blekk på skrivaren.
Hugs relevante kliniske opplysningar.

Undersøkingar

Avdelinga utfører rutinefarging  og ei rekke spesialundersøkingar for å dokumentere diagnosen.
Vi nyttar så vel histologiske teknikkar som immunologiske og gentekniske teknikkar.

Er det aktuelt å få utført obduksjon? Ring Avdeling for patologi, HMR først for å avtale obduksjon og prosess.

  • Nummer til preparanttelefon: 909 96 408.
  • Telefonnummer til avdelinga: 70 10 66 21.
Ved obduksjon (autopsi) blir den døde undersøkt. Etter grundig gjennomgang av kliniske opplysningar og mikroskopisk vurdering av vev frå ulike organ ønsker ein å fastslå dødsårsaka, kva sjukdommar avdøde leid av, sjukdommane sin verknad på avdøde si helse og vurdere effekt av eventuell behandling.

Obduksjonar er ei viktig kvalitetssikring av helsevesenets diagnostikk og behandling. Ein kan av og til avdekke feilbehandling og sjukdommar ein ikkje visste at pasienten leid av. Obduksjon er også viktig for nasjonale statistikkar over dødsårsaker. Obduksjonar blir rekvirert av lege. Svar på obduksjonen får ein ved å kontakte legen.

Rettslege obduksjonar rekvirerast av politiet i samband med ”unaturlege dødsfall”. Obduksjonane dannar ofte eit viktig grunnlag for tiltalen i straffesaker. For å få svar på rettsleg obduksjon kontaktar ein politiet.

Informasjon om rekvirering av obduksjon frå primærhelsetenesta finn du her.​​

Immunhistokjemi

Ved immunhistokjemiske teknikkar nyttar ein kjende antistoff til å gjere immunologiske undersøkingar av ulike celle- og vevskomponentar.
Denne typen analysar nyttast i stor skala og blir stadig viktigare ettersom nye behandlingsmåtar kjem til, og krav til dokumentasjon aukar.

Spesialundersøkingar basert på molekylærpatologi vert utført etter behov, på bestilling frå rekvirent eller patolog. 

Patolog bestiller ulike spesialfargingar ved behov.

Avdelingssjef Hilde Guttormsen
hilde.guttormsen@helse-mr.no

Medisinsk faglig ansvarlig patolog: Camilla Jøsok Nybø
Camilla.josok.nybo@helse-mr.no

Kontakt

Telefon

Resepsjon:

70106621
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Preparant:

90996408
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

For besøkande:
Avdeling for patologi finn du i 2. etasje over sjukehusapoteket.
Bruk poliklinikk-inngangen på nordsida av sjukehuset.

Adresse

Åpningstider
  • I dag 08:00 - 15:30
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Bioposten

Nyheiter frå laboratoria i klinikk for diagnostikk. Medisinsk biokjemi, mikrobiologi, patologi.
Les Bioposten her
Illustrasjonsbilde laboratorie. Foto: Colourbox.com