Brystdiagnostisk Senter (BDS) er ei tverrfagleg eining som er organisert under avdeling for radiologi. Saman med Kreftregisteret har senteret ansvar for Mammografiprogrammet i Møre og Romsdal, samt for utgreiing og kontroll av brystsjukdommar hos pasientar busette på Sunnmøre.
Totalt vert det i løpet av eitt år utført om lag 100. 000 undersøkingar ved avdelinga.
I 2003 vart avdelinga fulldigitalisert, med unntak av Brystdiagnostisk senter. Dette vil seie at alle undersøkingar blir gjort digitalt, utan bruk av røntgenfilm, og blir lagra i eit dataarkiv. Vi deler nettverk med alle sjukehusa i Helse Midt-Noreg. Dersom ein pasient til dømes raskt må overflyttast til St. Olavs Hospital, så vil legar ved sjukehuset i Trondheim ha tilgang til både bilete og svar så snart undersøkinga er avslutta her.
Stadig fleire av legekontora i distriktet blir også kopla opp mot sjukehuset i Ålesund. Desse har ikkje tilgang til biletarkivet vårt, men kan få svar på undersøkingar overført elektronisk, noko som gjer at svara blir raskare tilgjengelege for legekontora.
Helseføretaket har akuttfunksjon med radiografar og røntgenlegar på vakt heile døgnet.
Om oss
Konstituert Avdelingssjef Ida Fallmyr Jørgensen
Lenker
Fritt sjukehusvalg
Pasientreiser
Fastlegeordningen
Norsk Helseinformatikk - Pasienthandboka
NAV
Pasient- og brukerombudet
Helse- og omsorgsdepartementet
Helsefilm.no
Radiografforbundet
Radiologforeningen
Statens strålevern